Hopp til innhold

Berre ein månad igjen no...

Om ein månad startar ei ny tidsrekning i kommunane Fjaler og Askvoll. Den 14. desember opnar nemleg Dalsfjordbrua, som bind dei to kommunane saman.

Dalsfjordbrua
Foto: Skjermdump frå Youtube

– Brua kjem til å bety mykje og har allereie betydd veldig mykje for optimismen. I Askvollområdet ser vi tilbakeflytting, og det gjer dei også i Fjaler. Det seier Rolf Losnegård, som har vore med i aksjon Dalsfjordbrua i 15 år. .

Når Dalsfjordsambandet opnar 14. desember er det starten på ein ny æra for Askvoll og Fjaler, og samstundes slutten på ein nesten 40 år lang kamp. Mange har meint det var eit håplast og dyrt prosjekt, som aldri skulle vore realisert.

– Det er sjølvsagt dei som meiner brua ikkje burde vore bygd, men debatten har stilna. Men når du er inne på alt som er har vore skrive og sagt. Eg har faktisk lånt vekk alpelua mi fem gonger til revyar som skulle mobbe oss, ler Losnegård. Det har eg gjort med stor glede

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Berre ein månad igjen

Etter mange år med opp og nedturar, er arbeidet snart over. I 1975 starta bygginga av vegen frå Eikenes til Otterstein, som første del av sambandet, men så tok det brått slutt i 1979.

Store dimensjonar

No 38 år etter er brua nesten klar, og ein av dei som har jobba for å få det til er prosjektleiar i Statens vegvesen, Einar Hovland.

– Det er eit kjempeflott prosjekt, og eg trur at folk og kjem til å bli nøgde når dei no får eit skikkeleg samband.

Sjølve brua har eit fritt spenn på 523 meter. Brutårna er om lag 100 meter. 12 kablar som kvar er 11,5 centimeter tjukke held brua oppe.

– Dette held i 100 år.

Gravemaskin

SNART OPNAR BRUA: Roy Myklebust

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Men det er ikkje hjelp i bru, uansett kor stor og flott den måtte vere, utan tilkomstvegar. Roy Myklebust i Myklebust Maskinentreprenør er ein av dei som har jobba tusenvis av timar dei siste åra.

– Vi har venta lenge på dette, så dette er kjekt. Vi er jo byrja å køyre i jobbsamanheng. Det er ei ny verd samanlikna med ferja.

Kan nesten ikkje vente

Brua bind saman Askvoll og Fjaler og dermed blir ferje mellom Eikenes og Dale snart historie. Ein av dei som gler seg skikkeleg til opninga av Dalsfjordbrua, er ordførar i Fjaler, Arve Helle.

– Det er blitt eit fantastisk flott anlegg, som passar utruleg godt inn i terrenget. Eit skikkeleg landemerke!

Helle viser stolt fram sitt rike frå toppen av Dalsfjordbrua.

– Ser vi innover Dalsfjorden så ser vi det karakteristiske fjellet Kringla, vi ser Laukelandsfossen, Fossevika, Vikafossen, innover i Fossedallsområdet som er eit fantastisk flott turterreng, som no kjem til å bli mykje meir tilgjengeleg.

– Snur vi oss og ser ut over, så ser vi rett på Øyna, vi ser ut på Eikenes, gamle fjalerområdet som strekkjer seg ut mot Holmedal og vi ser fjella i Askvoll.

– Og når vi snur oss det som eg vil meine er rett veg, så har vi ei fantastisk flott utsikt inn mot Dale.

Vegen fram mot anlegget som knyter dei to kommunane Askvoll og Fjaler samen til eit bu og arbeidsområdet har vore lang, og Helle vedgår at han rett og slett ikkje skulle gå.

– Når er eg ser bort på brua så er det framleis slik at eg må nesten knipe meg i armen, og lurer på om dette er sant. Det har jo vore eit prosjekt med ei ganske lang forhistorie. Det har vore kjempa mange slag, og fleire gonger trudde vi det var tapt. Men vi lukkast til slutt og det er det mange som fortener takk for.