Hopp til innhold

Verdas bææææste sommarjobb: Statleg tilsette villsauer et graset til kongen

Det var husdyr på Gamlehaugen sidan før svartedauden. No gjer dyra comeback for å opne opp beitemarkene rundt kongebustaden.

Sauer

OPNAR OPP: Villsauene Dag Otto, Per, Johan og Christian er tilsett fordi dei skal opp dei gamle beitemarkene rundt kongebustaden på Gamlehaugen.

Foto: Synne Sørenes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Nokre kilometer frå Bergen sentrum finst det eit slott, med eit tårn og spirer som strekk seg mot himmelen.

Gamlehaugen er Hans Majestet Kongen sin bustad når han, eller andre familiemedlemmar, tek turen til vestlandet sin hovudstad.

No har eigedommen fått eit nytt tilskot: Fire villsauar.

– Kome då. Kome då, tassane.

Driftsleiar Tor Christiansen ber på ein stor, blå bøtte med kraftfor for å lokke dei inn på dei grøne bakkane som omkransar slottet.

Beitemarkene skal opna opp. Villsauene med namna Dag Otto, Per, Johan og Christian er tilsett for å fikse nettopp det.

Gamlehaugen

BETRE ENN MASKIN: Driftsleiar Tor Christiansen meiner at villsauane skaper ein større trivsel på Gamlehaugen. – Vi har ikkje fått nokon negative kommentarar, seier han.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Tilbake til fortida

Det har vore husdyr på Gamlehaugen sidan før svartedauden. Så dette er ikkje noko nytt.

Men på 1960-talet vart husdyra erstatta med kunstgjødsel og kjemiske ugressmidlar.

Det er det slutt på no.

Dei siste femten åra har dei jobba for å legge om drifta til å bli meir miljøvennleg.

Ved å ta hand om eige planteavfall og installere solceller på redskaphusa er dei allereie godt i gong.

– Det som mangla var å få på plass eit par beitedyr på eigedommen.

Men det er ikkje det einaste argumentet.

– Dei skapar trivsel. Ein maskin er jo ei plage for folk flest. Men dette er noko folk kjenner velvære av å vere i nærleiken av, tenkjer eg.

j723m-mZPyE

BUSTAD: Gamlehaugen er den offisielle kongebustaden i Bergen. Her er dei kongelege på hagefest på Gamlehaugen i 2016.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Langvarig kontrakt

Det store slottet vart bygd av tidlegare statsminister Christian Michelsen i 1900.

Då han døyde i 1925 vart bygget donert til staten som kongebustad.

Rundt bustaden er det eit parkanlegg på rundt 120 dekan.

Hovudprinsippet til dei som driv parken i dag er å vise fram Christian Michelsen sin park, slik den var, for publikum.

– Han hadde ikkje tilgang til kunstgjødsel eller plantevernmiddel. No må vi gjere ting på gamlemåten. Det er det mest riktige å gjere i eit slikt anlegg, meiner Christiansen.

Villsauer Gamlehaugen

COMEBACK: På 1960-talet vart husdyra på Gamlehaugen erstatta med kunstgjødsel og kjemiske ugressmidlar. No er dei tilbake.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Villsauane, som er av gamalnorsk rase, kan gå ute heile året.

Men dei får fór og ly under ein gapahuk når vestlandsværet melder sin framkomst.

Sauane må som tilsette på Gamlehaugen aldri ta turen til slaktaren. Planen er at dei går av med pensjon etter ti år.

– Her kan dei gå og kose seg ut sine dagar i mange år til. Vi ser for oss at det skal vere villsauar her i hundreår framover, seier driftsleiar Tor Christiansen.

Sauer Gamlehaugen

IKKJE SLAKT: Sauane må som tilsette på Gamlehaugen aldri ta turen til slaktaren. – Her kan dei gå og kose seg ut sine dagar i mange år til, seier Christiansen.

Foto: Synne Sørenes / NRK