Hopp til innhold

Flaumen tok pengebingen til bygdefolket – no opnar han igjen

Det vesle kraftverket i Utvik i Stryn vart vaska vekk i flaumen. Dermed forsvann også ei viktig inntektskjelde for bygdefolket. Fire år etter er han bygd opp att.

Utvik. Flomskader. 2 dagar etter.9

FLAUMSKADD: Slik stod kraftverket att etter flaumen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Sidan 1913 har bygda hatt sitt eige kraftverk. Langs elva vaks det fram eit lite industrisamfunn med fabrikkar og alt frå tresko til pinnestolar blei laga av flittige hender.

Men i juli i 2017 vart Utvik råka av ekstremnedbør, og elva fløymde over. Berre flaks gjorde at ingen vart skadde. Blant bygningane som vart råka av flaumen var kraftverket nedst i elva.

Pengar til kafè og butikk

Turbinane har ikkje berre sikra lys i lampane til bygdefolket, men har òg vore ei kjær inntektskjelde for bygda. Det spesielle i Utvik er at kraftlaget har fungert som lågrentebank for bygdeutvikling. Men dei har fleire gonger fått førespurnader om oppkjøp av pengemaskina ved elva.

– Det har aldri vore diskutert, seier styreleiar i kraftlaget, Bjørn Otto Hauge.

Overskotet frå kraftlaget har dei i staden lånt tilbake til ulike tiltak i bygda som støtte til nærbutikken, den lokale kaféen og andre tiltak.

– Vi måtte berre køyre på vidare, seier Hauge.

Bygningar, vegar, bruer og matjord blei vaska vekk då det fall 50 millimeter nedbør i vestlandsbygda på berre tre timar. Elva fann seg nye vegar og raska med seg store materielle verdiar på vegen ned mot fjorden.

Flaumskadar foran huset til Per Inge Verlo i Utvik

FLAUMSKADD: Det gjekk hardt utover eigedomane til bygdefolket i Utvik, til alt hell vart ingen skadd denne julidagen i 2017.

Foto: Silje Guddal / NRK

Populære sals– og leigeobjekt

– Desse kraftverka tilfører betydelege verdiar tilbake til lokalsamfunna, seier leiar i Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit.

Og der det er pengar å tene er gjerne også interessentane mange.

– Det er stor pågang av aktørar som ønskjer å leige driftsretten til slike kraftverk, følger Tveit opp.

Og det er mange av dei, faktisk er det over 1300 vasskraftverk som produserer under 10 MW i landet.

Eitt færre

Men då regnvêret gav seg var det eitt færre av dei. Kraftverket stod omringa av massane som elva hadde teke med seg.

– Det var fullt med grus og stein inni bygget og i maskinene. Røyr låg slengt alle plassar, seier Hauge.

Dei såg raskt at det gamle kraftverket ikkje var noko å reparere på, og byrja planlegginga av eit nytt. Kraftverket var for viktig for bygda til å la vere.

Leiaren for kraftlaget er lukkeleg for at vatnet no skal inn att i ein turbin

ÅRELANG PROSESS: Det nye kraftverket fekk konsesjon og no etter 4 år er det endeleg klart kan styreleiaren melde.

Foto: Håvard Heggen / NRK

850 husstandar

Fire år etter flaumen, står det nye kraftverket til Utvik Elektrisitetsverk klart.

Og i godt selskap, for i september 2021 stod vasskraft for over 90 prosent av landets totale elektrisitetsproduksjon. 45 prosent av landets vasskraftverk er av denne typen mindre anlegg under 10MW. Samla står dei likevel berre for rundt 8 prosent av landets produksjon.

– Samla gir dei eit godt bidrag, dette svarar til rundt 75 prosent av Noregs vindkraftproduksjon, seier Ann Østenby, seksjonssjef for ressurs og kraftproduksjon i NVE.

Det nye kraftverket i Utvik dekkjer kraftbehovet til om lag 850 husstandar, ifølge utrekningar frå NVE.

Men spør du folket i Utvik er det kanskje ikkje lys i lyktene dei set mest pris på, fleire peiker på det økonomiske bidraget til bygda.

– Det har vore heilt topp, det skulle vore eit slikt kraftverk i alle bygder, seier bygdekvinna Inger Marie Bruland smilande utanfor nærbutikken i Utvik sentrum.

Vassturbinen ved Utvik Kraftverk

FRÅ VATN TIL LYS: Denne peltonturbinen skal sørge for at Utviksfolket har lys i lyktene dei komande år.

Foto: Håvard Heggen / NRK