Hopp til innhold

Filma gjennom hol i skjorta – mann nektar for å ha hjelpt 19 personar å juksa på teoriprøven

Kandidatar fekk spesialsydde skjorter og video- og lydutstyr festa på kroppen for å juksa på teoriprøven. Tiltalte hevdar han dreiv kyrkjelydsarbeid då han blei teken.

Skjorte brukt til juksing på teoriprøvar

FILMA I SKJUL: Politiet meiner den tiltalte fekk videooverført spørsmåla via eit lite hol i skjorta fleire stader i landet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Opprullinga av den omfattande juksinga i tiltalen starta på trafikkstasjonen på Stord i 2018.

– Ein mann oppførte seg mistenkeleg under teoriprøven. Me tok han inn på eit rom, og oppdaga at han hadde på seg utstyr for kommunikasjon, seier seksjonsleiar Torbjørn Brosvik ved Trafikant Vest hos Statens vegvesen.

Utanfor trafikkstasjonen fekk dei auge på mistenkelege personar i ein taxi frå Oslo.

Ein av dei er den tiltalte.

Torbjørn Brosvik

MERKSAME: – Me følgjer særleg med på mistenkeleg oppførsel på teoriprøvane, seier seksjonsleiar Torbjørn Brosvik i Statens vegvesen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Avansert juks

Metoden er kjent frå fleire tidlegare avsløringar: Kandidaten har på seg ei skjorte med eit lite hol der den eine knappen skulle vore. I holet er det plassert eit mobilkamera som filmar teoriprøven.

Kandidaten har også ein radiosendar teipa fast på kroppen og propp skjult i øyret. Dermed kan personar på utsida gi rett svar direkte til kandidaten.

Ifølgje tiltalen har mannen hjelpt 19 personar elleve ulike stader i landet, frå Mandal i sør til Tromsø i nord.

Tiltalte nektar straffskuld

Rettssaka mot den tiltalte starta i Haugaland tingrett måndag. Mannen i 50-åra er tiltalt for brot på vegtrafikklova, og strafferamma er fengsel i inntil eitt år.

Politiet meiner den tiltalte i snitt har fått 5.000 kroner frå kvar av dei personane han har hjelpt med juksinga. Totalt har han då tent i underkant av 100.000 kroner.

Den tiltalte nekta straffskuld.

– Det hadde ikkje vore lønsamt å reisa landet rundt og hjelpa folk med å juksa på teoriprøven, hevda han i forklaringa si.

Han vart pågripen på Bømlo i 2018, etter hendinga på trafikkstasjonen på Stord.

I retten hevda tiltalte at det var arbeid i samband med ei kristen, syrisk kyrkjelyd som førte han dit. Han skulle møta ein mann som vurderte å konvertera til kristendommen, forklarte han.

Grafikk, teoriprøvejuks

SLIK FUNGERER DET: Denne grafikken viser korleis teoriprøvejuks skjer. I andre tilfelle har Vegvesenet oppdaga at folk har teke med seg andre typar kommunikasjonsutstyr og kamera.

Foto: Lotte Camilla Holst-Hansen / NRK

Fann notatbok med juks

Politiet fann blant anna fleire mobiltelefonar og ei notatbok med namn, telefonnummer og datoar i bilen i samband med pågripinga av den tiltalte.

Politioverbetjent Kristoffer Igelkjøn ved Stord lensmannskontor forklarte seg om funna.

Han meiner notatboka har fungert som ei avtalebok for juksing. Blant anna er eit tilfelle av juks i Sarpsborg nemnd med dato.

Den tiltalte forklarte at boka berre inneheld ei liste av personar i kyrkjelyden.

Politiet fann også ein mobiltelefon med bilete av fleire teoriprøvar som er annullerte på grunn av juks.

Lånte ut mobilar og øyrepluggar

Den tiltalte forklarer beslaga med at han driv med utleige av blant anna mobiltelefonar og klede.

– Eg har blant anna 38 øyrepluggar og 46 telefonar som eg leiger ut.

Blant bevisa som blei lagt fram er ni skjorter med hol der den eine knappen skulle vera.

Politiet meiner prøvane er snikfilma med mobiltelefon gjennom hola.

– Har du fått tilbake telefonar som står fram som manipulerte med knapp på linsa? spurde aktor, Elin Kongestøl

– Eg har ikkje gjort det sjølv, men det er lett å gjera det. Alle kan gjera det, svara tiltalte på det.

Forsvararen hans, Linda Ellefsen Eide, sa før helga at klienten hennar er prega av saka.

– Saka er ei stor påkjenning for han og familien hans. Det er lenge sidan han slapp ut frå varetekt, og han har no fått eit heilt anna liv, sa Eide.

Det er sett av seks dagar til rettssaka i Haugaland tingrett. Dei 19 andre namngitte personane i tiltalen har fått bøter. Korona-omsyn gjer at ein vil ha færrast mogleg i retten i same sak.

Mørketal for juks

I 2016 laga NRK ein serie med saker om avansert juks på teoriprøvane til Statens vegvesen.

I ei liknande stor svindelsak i Larvik i 2018, blei 42 personar tekne for førarkortjuks. Hovudmannen blei dømt til fengsel i ti månader.

Statens vegvesen har hjelpt til i etterforskinga av både denne saka og saka i Larvik for to år sidan.

Jon Molnes, som er leiar for krimeininga i Statens vegvesen, trur ikkje dei klarer å ta alle.

– Det er mørketal, og problemet er større enn dei tilfella me oppdagar.

Her forklarer Molnes korleis Larvik-jukset skjedde:

AVANSERT JUKS: Mannen som skulle ta teoriprøven, hadde på seg ei spesialdesigna t-skjorte med skjult kamera, og fekk opplese svara via ein liten propp i øyret.