Hopp til innhold

«Oi, oi, oi, oi! No smell det! No smell det!»

Vogntogsjåfør Kai Roger Gjelsvik kunne berre tvihalde i rattet då han segla inn i vogntoget og varebilen som alt hadde krasja på E16. I speglane såg han vogntoget bak komme dundrande.

FILMA ULUKKE: Ulukka i Lærdal vart filma med dashbordkamera.

– Det var berre å halde seg fast, seier Gjelsvik.

Det såg ut som eit katastrofeområde då fem vogntog og ein varebil var involvert i ein kjedekollisjon på E16 mellom Bjørkum og Seltun i Lærdalsdalen fredag for halvanna veke sidan.

Sjåførane hadde køyrt i kolonne på riksveg 53 over Hemsedalsfjellet, og stoppa kort på Borlaug for å ta av kjettingane, før dei heldt fram nedover Lærdalsdalen på det dei trudde var tørr veg.

Vogntogsjåfør Kai Roger Gjelsvik

HELDIGE: – Vi var heldige alle saman. Det er ikkje meir å seie. Ein tenkjer jo på at noko kan skje, men ein kan ikkje ta skrekken, seier vogntogsjåfør Kai Roger Gjelsvik.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

På veg nedover Lærdalsdalen sit Gjelsvik i telefonen med ein kamerat. Like rundt ein sving, ser han at vegen er stengd av eit vogntog på tvers, som ein varebil har køyrt inn i.

– Eg prøvde å bremse, men det skjedde ingenting. Vogntoget gjekk rett fram, fortel Gjelsvik.

Hadde tenkt å komme seg ut, men så såg han i spegelen

Vogntoget hans sneiar så vidt varebilen som står sidelengs inn mot vogntoget framom. Så stoppar bilen til Gjelsvik med eit dumpt smell. Men dramatikken er langt frå over.

– Eg tenkte først at her er det berre å komme seg ut. Men i høgre spegel ser eg at det kjem eit vogntog til, seier Gjelsvik.

Varebilen, som står ved sidan av vogntoget til Gjelsvik, vert treft, og fyk som ein leikebil inn mellom dei smadra vogntoga. På dette tidspunktet veit ikkje Gjelsvik at sjåføren av varebilen har komme seg ut.

– Det letta mykje då eg kom ut og såg at det ikkje var folk i bilen. Elles kunne dette gått mykje verre, seier Gjelsvik.

Trafikkulukke i Lærdal

UVERKELEG SYN: Vogntog på vogntog stod krasja inn i kvarandre etter massekollisjonen på E16.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Var tilbake i bil få dagar etter

Gjelsvik var tilbake bak rattet allereie søndagen etter.

– Då hadde eg ein tur til Oslo, og det gjekk bra, det. Ein veit aldri kva ein møter. Men det har gått bra i ti år. Vi får satse på at det går bra i ti år til, seier Gjelsvik.

Førebels er det uklart kva som var årsaka til ulykka.

Sjåførane fortel om eit kort parti med spegelglatt veg, som kom ut av tomme intet, noko som også videobileta frå dashbordkameraet til Gjelsvik vitnar om. Det har hjelpt politiet, som etterforskar ulykka.

– Vi har fått eit tydeleg inntrykk av det som skjedde, seier politiførstebetjent Helge Øvstetun, som rosar sjåførane for rask handling.

– Dei var kjappe og la seg ut til sida så raskt dei kunne. Dei var snarrådige og gjorde rette grep, seier Øvstetun.

To personar vart skadde i smellen, ein av dei ligg framleis på Haukeland universitetssjukehus.