Hopp til innhold

Gjer deg klar for kvite toppar

Frå neste veke kan du vente deg kvite fjelltoppar når du ser ut vindauget om morgonen. Og skal du krysse ein fjellovergang, bør du vurdere vinterdekk.

Fjellfilmfestival på Turtagrø 2011

KVITT I KVITT: Ein av deltakarane på Fjellfilmfestivalen på Turtagrø førre helg, kunne nyte synet av snø på ein av 2000-meter toppane.

Foto: Roger Bareksten

Nettene byrjar nemleg å bli lange, og når nettene er skyfrie, tapar bakken varme til verdsrommet.

Då vert det kaldare, og neste veke fører det til at folk i til dømes indre Sogn vakne opp til eit kvitt rimlag på bakken når vi kjem til inngangen på helga.

Kan vakne til rimlagt bakke

– Det vil vere nær nattefrost einskilde stader, noko som fører til at det rimar på bakken, seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Ivar Hjellestad.

Vervarselet synet at laurdag kjem til å bli ein fin dag med tendens til litt kjølige netter.

– Utover i neste veke ser det ut til å bli ein ny runde nedbør, men med kaldare luftmassar. Det betyr at fjelltoppar over 1300–1400 meter vil få eit kvitt, fint melislag på toppen. Det er eit tydeleg teikn på at det går mot haust, seier Hjellestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjellfilmfestival på Turtagrø 2011

MAJESTETISKE TOPPAR: Kvitt i kvitt så langt auget kan sjå.

Foto: Roger Bareksten

Ha dekkskift i bakhovudet

Dermed kan det vere lurt å vurdere dekkskift dersom du skal krysse ein av våre fleire fjellovergangar.

– Til dømes Valdresflya har sitt høgste punkt på 1300 meter. Der er det meldt to-tre grader. Med litt bygever då, kan det fort bli slaps i vegen. Skal ein opp i høgfjellet, bør ein vere obs, seier Hjellestad.

Ikkje uvanleg tidleg kulde

Han legg til at dette ikkje er spesielt tidleg på året, kanskje heller tvert om.

– I slutten av august kallar ein nettene for jarnnetter, då kan ein frykte litt nattefrost, noko som kan ta knekken på blomar som georginer. No er vi komne til september, så det er absolutt ikkje unormalt tidleg at nettene blir såpass kjølige, seier Hjellestad.

Snø i Hurrungane

Bilete frå årets Fjellfilmfestival på Turtagrø førre helg, syner eit fint pudderlag på fleire av fjelltoppane i Hurrungane på Sognefjellet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjellfilmfestival på Turtagrø 2011

VINTERLEG SYN: Toppane opp mot 2000 meter i Hurrungane, har alt fått eit fint melislag med snø.

Foto: Roger Bareksten

– No er opp mot 2000 meter svært høgt, så der har det nok kome noko snø. Eg sjekka nett Juvasshøe, den ligg på om lag 1800 meter, der er det pluss ei grad no. Sognefjellshytta på 1300 meter har pluss tre grader. Eg trur ikkje du finn mykje snø under 1500 meter, men det kan det bli ei endring på neste veke.

Fin temperatur på dagtid

Hjellestad påpeikar at sjølv om temperaturen går ned mot null på nattetid, vil temperaturen på dagtid bli toleleg bra.

– Det er framleis litt effekt i sola, så eg trur nok gradene vil krype over ti grader. I helga der dagen kanskje vil starte med rim på bakken nokre stader, vil sikkert dagtemperaturen komme opp mot 13–14 grader. Det er dét som kjenneteiknar vår og haust, det er større forskjell mellom dag og natt, seier Hjellestad.