Hopp til innhold

Filmfestival til topps

Oppdrag Sognefjord stakk av med siger på «heimebane» under Fjellfilmfestivalen i Indre Sogn.

Den årlege Fjellfilmfestivalen på Turtagrø i Indre Sogn har blitt eit viktig møtepunkt for fjell- og filminteresserte frå heile landet.

For fyrste gong i år delte ein også ut ein eigen filmpris. Det var det naturleg nok TV-serien «Oppdrag Sognfjord» som sikra seg.

Produsent Sindre Kinnerød var strålande nøgd med prisen.

– Det er utruleg hyggeleg at andre set pris på vår lidenskap. Men det som er større enn å få ein pris er alle tilbakemeldingane om at så mange har blitt inspirerte og har vakna opp av denne serien, seier Kinnerød.

Sindre Kinnerød

NØGD: Produsent Sindre Kinnerød er stolt over å ha motteke prisen for beste fjellfilm under Fjellfilmfestivalen.

Foto: Christer Gundersen/Fjellfilmfestivalen

– Eit naturleg val

«Oppdrag Sognefjord» begeistra mange TV-sjåarar på NRK1 tidlegare i år. I den spektakulære naturen i Sogn herja ei gruppe ekstremsportutøvarar fritt.

Og sjølv om det var ein TV-serie som stakk av med film-prisen, meiner juryen at det var naturleg.

Ei fantastisk historie blir fortalt gjennom menneskene vi møter og naturen langs Sognefjorden. Juryen er også imponert over måten produksjonsselskapet har sydd saman både ekstremsport og lokalmiljø til ei heilhetleg oppleving med større djupne enn vi er vant til frå typiske ekstremsportfilmer. Juryen har sine favorittepisodar, men veljer å gje prisen til serien som heilheit.

Film i måneskin

Festivalsjef Ola Njå Berthelsen meiner det var på sin plass med ei eiga filmkåring.

– Det finst knapt betre kulissar for ein filmfestival enn Turtagrø. I går var det magisk her med måneskin over utescena, seier han.

– I år fekk vi inn over dobbelt så mange filmer som i fjor. Internasjonalt er konseptet med fjellfilm veldig populært og vi i ser ein stor marknad for dette i Norge også.

I tillegg vart det delt ut prisar for beste internasjonale fjellfilm, beste kortfilm, beste amatørfilm og mest nyskapande film.

Håvard Gossé Bergseth stakk av med prisen for beste amatørfilm med filmen «40 000 høydemeter», prisen for beste kortfilm ble «Chimæra Chimæra» av Sherpas Cinem, beste internasjonale fjellfilm ble «The Prophet» av Posing Productions og mest nyskapende film ble «Eastern Rises» av Felt Soul Media.