Hopp til innhold

Branns Europa-historie starta med ein gigantisk keepertabbe

For første gong på ni år er Brann tilbake i Europa. Her er nokre av Branns største europacup-bragder.

Brann-Gzira United

FØRSTE KAMP I EUROPA: Brann knuser maltesiske Gzira United 9–0 samanlagt i 1973. Det markerer starten på ei innhaldsrik europacuphistorie.

Foto: NRK

Slovakiske Ruzomberok er første hinder på vegen når Brann etter ni år returnerer til toppsjiktet av europeisk fotball.

Torsdag kveld entrar Sportsklubben Brann Stadión pod Čebraťom i den nordslovakiske byen. Brann-trenar Lars Arne Nilsen er ingen superoptimist før bortemøtet mot Ruzomberok.

– Me reiser ned dit for å få eit godt resultat, og eventuelt ta dei heime. Det er mogleg å vinna, men me må vera på vårt aller beste, seier Nilsen til NRK.

Dei raudkledde har både stolte og mindre stolte augeblikk å sjå tilbake på sidan Europa-debuten for 44 år sidan. Då Brann trekte det svenske 1. divisjonslaget Åtvidaberg i kvalifiseringa i 2006, stilte Brann med eit b-lag og kara seg til 3–3 på heimebane. I Sverige stilte Brann med toppa mannskap, men kampen enda 1–1. Dermed rauk Brann ut på målforskjell.

Men Brann har heldigvis stoltare stunder i Europa. Her er eit knippe av Branns bragder på kontinentet.

2008: Nedsablinga av Deportivo La Coruña

Dersom Brann slår førre sesongs tredje beste slovakiske lag over to kampar, står det framleis att to hinder før eit eventuelt sluttspel. Førre gong Brann nådde gruppespelet, tok dei seg vidare til 16.-delsfinalen i 2007/2008-sesongen.

Fotball Brann / Deportivo La Coruña 2-0

HERJA: Erik Huseklepp var over alt då Brann nedsabla Deportivo La Coruña på Brann Stadion. Brann-trenar Mons Ivar Mjelde meinte Brann burde ha skåra to-tre mål til.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Sesongen etter blei Brann slått ut av Marseille i jakta på Champions League-plass. I kvalifiseringa til UEFA-cupen hadde Brann alle sjansar til å ta seg vidare etter å ha rundspelt det spanske storlaget Deportivo La Coruña på heimebane. Spanske aviser var ikkje nådige etter at Brann og Erik Huseklepp hadde gjort som dei ville store deler av kampen.

Resultatet blei likevel berre 2–0, eit overtak Deportivo utlikna i Spania. Etter tre bom i straffesparkkonkurransen var Brann slått ut.

Azar Karadas er den einaste i dagens Brann-stall som var med oktoberkvelden for snart ni år sidan.

– Det var ein sterk heimekamp, og ein heilt grei bortekamp og så rauk me ut på straffekonk. Det var litt kjipt.

Returoppgjøret i 2. kvalifiseringsrunde til UEFA-cupen 2008

SLÅTT UT: Brann sette berre to av fem straffar mot Deportivo.

2007: Branns einaste siger i gruppespelet

Etter å ha slått Carmarthen Town og Suduva Marijampole i dei to første kvalifiseringsrundane, slo Brann ut Club Brugge i 1. runde av UEFA-cupen. Brann var brått i gruppespelet i Europa League.

Etter eit 0–1-tap for Hamburger SV i den første kampen, var det kroatiske Dinamo Zagreb som stod på motsett banehalvdel då Brann debuterte på heimebane i gruppespelet 29. november 2007.

Etter at Gordon Schildenfeld laga straffe og bortelaget blei redusert til ti mann, sette Olafur Örn Bjarnason inn 1–0 frå straffemerket. Dinamo kvitterte til 1–1 og hadde fleire feite sjansar til å ta leiinga, men Brann heldt stand.

Dei blivande verdsstjernene Luka Modric og Mario Mandzukic hadde kvar sine avslutningar i metallet, men i staden var det Eirik Bakke som sikra Brann sin første og einaste siger i gruppe D i Europaligaen. Det var nok til å ta laget vidare til 16.-delsfinalen, der det blei 1–8 tap for Everton over to kampar.

1997: Kvartfinalen i cupvinnarcupen

Kanskje den største Europa-bragda i Sportsklubben si historie blei skriven 6. mars 1997, heime mot Liverpool.

0–10-tapet mot Rosenborg i den norske serien tidlegare i sesongen var gløymt. Fotballfeberen herja i byen, men berre 12.500 tilskodarar fekk sjå kampen. Robbie Fowler serverte bergensarane tidenes kalddusj etter berre ni minutt, med eitt av dei vakraste måla som er skåra på stadionmatta i Bergen.

Fra Europacupkampen mellom Brann og Liverpool på Brann stadion 6. mars 1997. Målscorere: Robbie Fowler og Geir Hasund. (Bilder fra TV2)

KVARTFINALE: Brann karar til seg eit uavgjortresultat heime mot Liverpool i 1997. På Anfield vinn Liverpool 3–0.

Kort tid før pause utlikna Geir Hasund til 1–1 og sikra eit ok utgangspunkt før returmøtet i England.

– Eg hugsar godt skåringa. Ikkje minst fordi eg etter kampen måtte fortelja att skåringa ganske mange gongar overfor presse og media, sa Geir Hasund til NRK i samband med 20-årsjubileet i vår.

Men på Anfield nokre veker seinare var Brann sjanselause. Bergensarane blei sendt heim med 0–3.

1996: Brann slår ut nederlandske stjerner

Allereie hausten 1996 hadde Brann gjort furore i cupvinnarcupen. Irske Shelbourne og belgiske Cerle Brügge blei slått ut i dei to første rundane, før nederlandske PSV Eindhoven blei trekt opp av hatten i tredje runde. I lagoppstillinga kunne nederlendarane skimta med stjerner som Jaap Stam, Philip Cocu og Boudewijn Zenden.

Brann-PSV 1997

MJELDE: Mons Ivar Mjelde skåra begge måla i Bergen då Brann slo PSV Eindhoven 2–1.

Foto: MARIT HOMMEDAL / Scanpix

Brann gjekk likevel hardt til verks og vann heimekampen 2–1 etter to skåringar av Mons Ivar Mjelde. I siste minutt reduserte Cocu, og dei fleste trudde difor eventyret var over då Brann gjesta Phillips Stadion to veker seinare.

Geir Hasund sende først sjokkbølgjer gjennom fotball-Europa då han sette inn 1–0 etter 35 minutt. 13 minutt etter pause dobla Tore-Andre Flo leiinga, før heimelaget kom tilbake og utlikna i det 84. speleminutt. Skrekkslagne heimefans måtte konstatera at Brann var i kvartfinalen.

1973: Branns første siger i Europa

Branns aller første motstandar i europacupsamanheng var maltesiske Gzira United. Etter å ha slått middelhavslaget 2–0 på bortebane, var det eit Brann-lag stinn i sjølvtillit som tok mot gjestene i europacupen for cupvinnarar.

Returoppgjør i Europacupen for cupvinnere mellom Brann og maltiske Gzira

EUROPADEBUT: Brann debuterte i europeisk toppfotball med 9–0 over Gzira over to kampar.

På heimebane vann Brann heile 7–0. Oppgjeret er framleis eit av Branns mest målrike i Europa.

I 2. runde var Glentoran frå Belfast motstandar, men etter å ha spelt 1–1 på heimebane, tapte Brann 1–3 borte og rauk dermed ut av cupen.