Hopp til innhold

Felte jerv i Indre Sogn

Ein jerv vart måndag avliva i Luster.

Felte jerv i Luster kommune

FELTE JERV: Denne jerven vart måndag avliva i Luster kommune i Sogn.

Foto: SNO-Aurland

– Jerven som vart skoten var ei tispe, men ho hadde ikkje ungar. Vi måtte først bedøve dyret for å finne ut av det før vi kunne avlive jerven, seier Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn i Sogn og Fjordane til firda.no.

Var i område med registrert skade

Direktoratet for naturforvaltning har gjeve løyve til å ta ut to jervar i det aktuelle området, og det er den første av desse Statens naturoppsyn no har avliva.

Jerven vart måndag felt i Luster kommune ved Tverrdalsvatnet - heilt på grensa til Sogndal kommune.

– Hadde jerven gjort stor skade?

– Vi veit ikkje om akkurat den jerven hadde gjort skade. Men den var i eit område der det vart registrert skade i fjor, seier Golf til NRK.no.

Prøver å redusere skade på beitedyr

– Vi reknar ikkje med at det er fleire jervar å ta ut i dette området no, seier Golf til firda.no.

LES OGSÅ:

Uttaket og avlivinga er gjort etter vedtak i Direktoratet for naturforvaltning som eit ekstra ordinært uttak for å redusere skade på beitedyr i Indre Sogn.