Hopp til innhold

Kan ta ut to jerv i Sogn

Dårlege leiteforhold gjer jerven vanskeleg å få tak i.

Jerv felt under jervejakt i Sogn.

JERV: Ein av jervane som er blitt tekne i Sogn tidlegare.

Foto: Statens Naturoppsyn-Aurland

Denne veka har Statens Naturoppsyn (SNO) søkt med helikopter etter jerv i delar av indre Sogn, men utan hell.

SNO har fått i oppgåve å ta ut to jervar i indre Sogn for å førebyggje skader på beitedyr til sommaren.

Men oppdraget har vist seg å vere vanskeleg.

- Sola varmar opp snøen på dagtid og så fryser det ganske tidleg på kvelden, slik at snøen vert hard til natta då jerven som regel er ute og går, seier Rein-Arne Golf i SNO.

Med slike forhold set ikkje jerven spor etter seg.

Golf seier dei ikkje har vore på hijakt.

- Det er ikkje ting som tyder på at det er jervynglingar i området.

SNO har søkt mellom Fjærlandsfjorden og Sognefjellet.

- No ventar vi på andre værforhold før vi tek opp at leitinga, seier Golf.