Hopp til innhold

Bjørn og jerv uroar bøndene

- Det er klart vi fryktar ein ny bjørnedrapssommar, seier Arne Rebni Øvreås, talsmann for sankelaget i Indre Sogn.

Bjørnespor i Luster
Foto: Statens naturoppsyn

I går vart det oppdaga kadaver av hjort som bjørnen i Jostedalen hadde drepe og forsynt seg av. Samstundes seier Rebni Øvreås at det er meir jerv i området enn før beitesesongen i fjor.

- Vi reknar med at bjørnen vert verande her i området utover sommaren og lagar store problem for oss, seier Rebni Øvreås.

Han er ikkje overraska over at bjørnen viser seg att i Jostedalen.

- Vi har i grunn gått ut i frå at han låg i hi i Jostedalen. No fekk vi det stadfesta.

- Svært alvorleg

Sankelaget i Indre Sogn trur bjørnen vert verande. Samstundes forventar dei at det blir gjeve løyve til å ta ut meir jerv, trass i at jaktperioden er over.

- Vi er urolege. I vår region skal det ikkje vere rovdyr som tek sau, seier Rebni Øvreås.

Han har ikkje tillit til at rovviltforvaltninga klarar å fjerne bjørnen.

- Når bjørnen er her så har ikkje vi slik tillit til rovviltforvaltinga at vi stolar på at den bjørnen forsvinn herifrå før sommaren. Så vi reknar med den vert verande og lagar store problem for oss.

Mattilsynet åtvarar

Kvart år blir ca 120 tusen dyr drept på beite her til lands. No varslar Mattilsynet beiterestriksjonar mot bønder som mister for mykje sau på utmarksbeite.

Saueeigarar som har mista meir enn 20 prosent av buskapen i snitt på utmarksbeite dei siste tre åra, må i løpet av denne sesongen få tapstala ned for å unngå beiterestriksjonar.

Store konsekvensar

Mattilsynet innser at restriksjonane vil ha store konsekvenser for bønder som blir ramma, men assisterende tilsynsdirektør Ole Fjetland seier dei må ta i bruk det verktøyet dei har for å avgrense lidinga til beitedyra.

Sankelaget synes varselet frå Mattilsynet er positivt.

- Generelt synes eg det er positivt at Mattilsynet går ut og seier at det er umogleg å drive sauehald med så store tap til rovvilt, seier Rebni Øvreås

Han viser til at i Sogn har Mattilsynet fleire gongar gått ut med slike varsel.

- Men denne gongen håper vi at det ikkje omfattar oss. Vi hadde jo ikkje slike tap sist sommar.