Hopp til innhold

Vil også ta ut jerv i hi

I år har jegerar berre skote to av dei seks jervane dei hadde lisens til å skyte i Indre Sogn.

Jerv tatt i Nørdstedalen i Luster februar 2011

VIL HA FLEIRE SLIKE: Her er jerven som vart tatt i Nørdstedalen i Luster i februar.

Foto: SNO Aurland

No ber Bondelaget og Sankelaga i Luster om å få jakte meir på jerv, trass i at jaktperioden er over.

I eit brev til Direktoratet for naturforvaltning ber dei gjev løyve til ekstrauttak av jerv i Luster.


Har funne spor

Dei peikar til at det i februar vart funne spor som viser at det framleis er jerv i området.

I februar vart ein jerv skoten i Luster.

- Trass i ekstrauttak hadde vi sist sommar ein heilt uakseptabel situasjon på vestsida av Jostedalen med store tap av sau, skriv dei i brevet.

Hijakt

Då jegerar berre lukkast i å skyte to av dei seks jervane dei hadde lov til, meiner dei at Bondelaget at desse må ein få skyte ut over våren.

- Skulle ein finne hi ser vi det som sjølvsagt at desse også vert tekne ut, skriv dei i brevet.

Det er Direktoratet for Naturforvaltning som avgjer søknaden.