Hopp til innhold

Slik vil ho gje deg billegare nettleige

Eit felles nettselskap for Vestlandet kan vere løysinga for å gje folk i Sogn og Fjordane billegare nettleige.

Jannicke Hilland

VIL SAMLE KREFTENE: – Nettverksemdene vil i framtida gå mot større einingar. Det har med effektivitet å gjere, og kva kundar betalar for nettleiga, sa Jannicke Hilland under Kraft i Vest-konferansen på Sandane i dag.

Foto: BKK

Folk i fjordfylket betalar i dag langt meir i nettleige enn folk i Hordaland. Årsaka er at vi har færre innbyggjarar og lengre avstandar enn til dømes Bergen. I snitt betalar folk i Sogn og Fjordane 39,5 øre, medan snittet i Bergen er 22,8 øre.

På konferansen «Kraft i Vest» på Sandane sa konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, at eit felles nettselskap kan gje folk i Sogn og Fjordane lågare nettleige..

– Vi ser at nettleiga er billegare i Hordaland enn i Sogn og Fjordane. Det blir ei konkurransevriding for private kundar, og ikkje minst for kundar i næringslivet.

Vil slå seg saman til det beste for kundane

Når du skal betale for å ha lys og varme i huset eller bedrifta di, betalar du for sjølve straumen, men også for å få overført straumen over nettet, såkalla nettleige.

Nettselskapa har monopol på overføring av straum i sine forsyningsområde. Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, viser til at rammene styresmaktene set for kraftselskapa si nettverksemd blir stadig strengare.

– Vi opplever at det kjem til å bli dyrare og dyrare å drive små nettselskap, og vi ser at større selskap klarar å halde lågare nettleige, enn mindre selskap.

BKK-sjefen meiner difor det beste for alle hadde vore om nettselskapa slo seg saman.

– Lat oss bruke alle gode krefter til å lage eit effektivt nett til det beste for både næringsliv, verdiskaping og framtidig berekraft, seier Hilland.

Asgeir Aase i SFE

ANDRE LØYSINGAR: Nettsjef Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi meiner fusjon langt ifrå er den einaste løysinga for å gje folk i fylket billegare nettleige.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Lunken mottaking i SFE

Nettsjefen i Sogn og Fjordane Energi (SFE), Asgeir Aase, er ikkje svært begeistra for forslaget. Sjølv om han vedgår at eit felles nettselskap på Vestlandet ville kunne betydd ei lågare rekning for nettkundar i Sogn og Fjordane.

– Det å slå saman eit stort område med mykje nett og få kundar, med ein stor by, det ville vore utjamnande, seier Aase.

Han meiner samtidig det finst andre løysingar, og at ein også må sjå på desse.

– Vi må sjå på årsaka til at det er skilnader, og sjå på andre måtar å få til ei utjamning på, ikkje berre ein fusjon, seier han.

Ingen konkrete planar

– Energiminister Tord Lien vil også ha fusjon mellom nettselskap, kva er SFE sin strategi framover?

– Vi ønskjer å vere til stades i den regionen vi er. Vi ønskjer å vere eit robust og sjølvstendig selskap med kompetanse, men også få til endringar i lag med andre på ein god måte i området, seier han.

Hilland vedgår at BKK i dag ikkje har konkrete planar om å lage eit større nettselskap.

– Mitt bodskap er at dette gir framtidsretta og berekraftige løysingar.