Hopp til innhold

Energiministeren varslar lågare nettleige

Sogn og Fjordane har hatt dyrare nettleige enn store delar av landet elles. Det blir det snart slutt på, varslar Tord Lien (Frp).

Video 6cbb1c47-a2b7-4740-80b6-1538bc043b91.jpg

DYR NETTLEIGE: Sogn og Fjordane betaler meir i nettleige enn kva straumkundar gjer andre stadar. Tord Lien meiner han no har ei løysing på problemet, men SFE seier at det er meir komplekst enn som så.

Foto: Nyhetsspiller

Straumkundar i Sogn og Fjordane betaler meir i nettleige enn elles i landet, og dette har provosert mange i fylket. No seier energiministeren at det ikkje skal halde fram slik.

– Det blir lågare kostnad for kraftprodusentar å kople seg på nettet, og det tyder på lang sikt at vanlege kundar i Sogn og Fjordane kan få lågare nettleige.

Det sa olje- og energiminister Tord Lien i dag då han tala på konferansen Kraft i vest, på Sandane.

Det som no kan endrast er tariffane som dei lokale kraftprodusentane betaler inn til det regionale nettet. Desse vert kalla «innmatingstariffar», og i dag blir dei sendt oppover til sentralnettet. Tord Lien antyder no at innmatingstariffane heller skal bli att i regionen.

Dette meiner ministeren vil gi lågare utgifter for kundar og produsentar.

– Dei store kraftressursane i denne regionen kjem heile Norge, og potensielt òg nabolanda våre tilgode, då er det urimeleg at heile rekninga for det skal belaste straumkundar og produsentar i denne regionen, seier han.

Tord Lien og Johannes Rauboti

IKKJE HEILE LØYSINGA: Johannes Rauboti (t.h.) og SFE er glad for forslaget til Tord Lien (t.v.), men meiner problemet ikkje kan løysast med innmatingstariffar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ikkje eit løfte

Éin av grunnane til at nettleiga er høgre for kundar i Sogn og Fjordane enn andre stadar i landet, meiner energiministeren er lokalt bestemt.

– Det er mange grunnar til at nettleiga er høg i Sogn og Fjordane, mellom anna at ein har valt å organisere eigarskapet til nettet i så mange ulike nettselskap. Det er ei beslutning som er tatt i Sogn og Fjordane.

Endringa Tord Lien snakka om er ikkje eit politisk løfte, men ei mogleg løysing som no skal utgreiast. Norges vassdrags- og energidirektorat skal no sjå på korleis dei kan endre på dette, og vil presentere ei løysing for departementet før jul.

– Dersom dette kjem på plass, vil lågare nettleige bli konsekvensen, seier Lien.

Saknar utjamning

Johannes Rauboti i SFE meiner det er eit positivt signal energiministeren kjem med, men peiker samstundes på at den høre nettleiga i Sogn og Fjordane handlar om meir enn innmatingstariffar.

– Vi har ein region som produserer meir fornybar energi enn vi forbruker. Det krev eit sterkt nett for å få produksjonen ut til det nasjonale og internasjonale nettet, og den rekninga har til no blitt sendt til kundane i vår region, seier Rauboti.

Han etterlyser difor ei ordning som kan jamne ut nettkostnadane i resten av landet, slik at kundane her skal sleppe å betale meir for å forsyne til straumnettet.

– Så det han kjem med er positivt, men berre ein liten bit av ein større og ganske kompleks problemstilling.