– Denne øya burde vera full av folk.
Eli Gunnvor Grønsdal sit i ein liten motorbåt og drar i eit fiskesnøre.
Bak ho ligg Fedje: Ei vill og forblåst øy, heilt vest i havgapet nord for Bergen.
Det siste året har øya vore heimstaden til frilansjournalisten. Det hadde ho aldri trudd då ho tok ferja ut for første gong i fjor.
Fekk prøvebu
Ho er ein av fleire som har nytta seg av øykommunen sitt tilbod om å prøvebu øya ei helg, heilt gratis.
På ferjekaien har fastbuande stått klar og tatt imot nysgjerrige som Grønsdal.
– Eg følte meg nesten kongeleg når eg kom, seier ho og ler av møtet som skulle snu opp ned på livet.
Ei omvising rundt øya og alt ho kan tilby førte til at Grønsdal endra adresse og flytta til øya med vel 500 fastbuande.
– Me er blitt «gubbifisert»
Tilbodet er eit forsøk på å endre ei negativ utvikling i kommunen. For dei siste åra har fleire tatt ferja frå øya enn til.
I fjor var det 502 fastbuande på Fedje. For 15 år sidan var talet over 600.
– Fedje er blitt «gubbifisert». Me er heilt avhengig av nye tilflyttarar, seier ordførar Stian Herøy (H).
Saman med tilbod om gratis barnehage har gratishelga vore ein godt planlagt strategi for å halde bygda ung og levande.
– Håpet er at unge personar skal busetje seg og bidra til befolkningsvekst over tid, seier ordføraren.
Fleire fastbuande
Totalt fem personar har nytta seg av gratishelga så langt. To av dei bestemte seg for å flytte, og ein av dei tok med seg barna.
Det har ført til fire nye fastbuande.
– Ikkje så verst, sier ordføraren.
Kanskje kan dei fire føre til at fleire går mot straumen.
Otto-Andre Nordby er marknadsføringssjef for prosjektet Prøvebu Fedje. Han er nøgd med responsen prosjektet har fått.
– Det har resultert i to tilflyttingar. Eli er eit fyrverkeri, og Hege kom her med sine to ungar, seier Nordby til NRK.
Han håpar at det kan hjelpa til med å snu folketalsutviklinga dei siste femti åra, der pilene har peika nedover.
– Her skal eg bli gammal
Grønsdal si tid til å bidra til folkeauke er kanskje over. Men ein gubbe er ho langt ifrå.
Frilansjournalisten har reist meir enn dei fleste, men for eit år sidan landa ho på kaia på Fedje.
– Sjå her, eg ser fisk, ropar ho ut entusiastisk.
Det har blitt nokre fisketurar etter at livet tok ein brå vending og ho kunne kalle Fedje for heimstaden.
Eitt år har gått. Så langt har to av fem prøvebuande blitt verande. Kanskje kan dei få vinden til å snu.
Grønsdal har kome for å bli. No har ho kjøpt seg tomt. Midt i blesten.
– Her skal eg bli gammal.