– Eg har ikkje angra eit sekund, men det er meir arbeid enn mange trur, seier Jon Kristian Lindtner, som det siste året har gått rundt i arbeidsklede neste heile tida.
Han tittar ut over eigedommen som ligg i den vesle grenda Rå ved ytre del av Sognefjorden, under bratte fjell.
I fjor tok han steget og baud på eit gamalt, slitent småbruk – usett – langt unna Haugesund, der han budde før.
Han har eit skjegg som allereie er 15 centimeter langt, og som ikkje skal klippast før det nye huset står klart.
Planen er ambisiøs: Å flytte inn i nybygget, før han gyv laus på å pusse opp hovudhuset og løa. Etter kvart ønsker han å få dyr på garden også.
– Eg har lenge visst kva eg har lyst til. Å eige eit gamalt småbruk. Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til, men tok ein sjanse.
Han snakka om forventningane i Firda, då han flytta for litt over eit år sidan.
I tida etterpå har han vore pinleg nøyaktig med å gjere så mykje han kan sjølv, for å spare pengar.
– Eg har ikkje lyst å ha så mykje gjeld. Eg har hatt masse gjeld før, og er lei av det.
Eigedommen hadde lege lenge ute til ein pris på 1,1 millionar kroner. Jon Kristian baud 750.000 kroner – og fekk han, nærmast utan konkurranse.
Stor etterspørsel
Men denne sommaren og hausten har konkurransen vore knallhard på fleire gamle hus og småbruk, der prisen har gått langt over takst.
Morten Høvik frå Eiendom 1 stod for salet på Averøya.
– Eg har aldri opplevd maken. På denne eigedommen fekk vi førespurnader frå folk heilt frå Kristiansand til Tromsø. Fleire har ein våt draum om å bu på eit småbruk, seier han
Dei som ønsker å kjøpe, har ofte tenkt på det i lang tid.
– Eg opplever større interesse for salsobjekt som dette i dag, samanlikna med for ti år sidan. Det er ofte plasseringa som er avgjerande for kor mange som melder seg.
Få legg ut for sal
Ein årsak til dei høge salssummane kan vere at mange som eig tomme eigedommar, heller ikkje legg dei ut for sal. Dermed blir det stor kamp om dei mest attraktive bustadane som faktisk blir lagde ut.
Tal frå SSB viser at det i dag finst meir enn 30.000 landbrukseigedommar, utan fast busetnad.
Frode Flemsæter ved Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis) har forska på kvifor så mange vel å halde på eigedommar som står tomme.
– Det sit veldig langt inne for mange å selje. Det har eg tallause eksempel på. Du forvaltar eigedommen på vegner av slekta. Det er veldig sterk relasjon mellom slekt og eigedom i Noreg.
Sjeføkonom i Prognosesenteret, Nejra Macic, seier dette:
– Vi har også registrert auka interesse for slike objekt, men eg har inntrykk av at dei stort sett blir brukte som fritidsbustad. Vi har ingen eigen statistikk for dette.
– Bustadmarknaden for fritid har fått eit oppsving i heile landet etter at koronakrisa starta.
Fann kjærleiken
Etter at Jon Kristian Lindtner flytta til Rå ved Sognefjorden, har mykje skjedd. Han fekk seg kjæraste. I dag ventar han barn med Kristin Helen Tørresdal, som også er innstilt på at det blir mykje arbeid framover i det nye huset.
– Eg likar å arbeide, så det går fint. Eg elskar å jobbe ute, så det gler eg meg veldig til.
Ingen av dei er overraska over at det har vore så stor interesse rundt gamle eigedommar som er lagde ut for sal.
– Eg trur ein del er stressa i byen, og dei ønsker meir ro. Leve tettare på naturen.
Jon Kristian Lindtner lovar at det er nok som skjer på landet også.
– Eg trur aldri eg blir arbeidsledig. Heile eigedommen er overgrodd. Eg må få han tilbake slik han skal vere.