Hopp til innhold

Fekk nei til praksisplass fordi han var for langt unna Bergen

Marthe sikra seg praksisplass to timer frå Bergen, men skulen sa nei. – Ikkje noko til hinder for at studentar skaffar eigen praksisplass, seier statsråden.

Marthe studerer i Bergen og er usikker på om ho får ha praksisen i kommuna der ho er heimehøyrande.

HÅPER PÅ BETRING: - Eg håper at høgskulen vert flinkare til å inkludere dei mindre kommunane i praksisopplegget, seier Marthe Rygg Johnsen.

Foto: Christine Fagerbakke / NRK

– Eg kunne prøvd meg i alle moglege fagretningar, seier Marthe Rygg Johnsen, som studerer til å verte sosionom på Høgskulen på Vestlandet.

Denne hausen skal ho ut i praksis, og skaffa seg praksisplass i Solund. Sjølve «draumeplassen», som ho sjølv kallar det.

Solund, som er Noregs vestlegaste kommune, ligg to timar med hurtigbåt frå Bergen.

Men draumeplass eller ei. Svaret frå Høgskulen var nei.

– Det er skulen som finn praksisplassar og tildeler dei til studentane, seier Anne Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

Ho legg til:

– Vi skulle gjerne ha strekt oss meir, men det er veldig mange studentar og vi er nøydde å ha eit reglement for å sikre kvalitet, god oppfølging og like vilkår for studentane våre.

Studentane på sosionomstudiet må difor ha praksis i bergensområdet, eller i gamle Hordaland.

ØYRIKET: Heilt ytst i havgapet finn du Noregs vestlegaste innbyggarar og ein tom praksisplass. To timar med hurtigbåt frå Bergen og rundt tre og ein halv time med bil.

Plassen står klar

I Solund, som ligg i Sogn og Fjordane, sto ordførar Gunn Åmdal Mongstad klar til å ta i mot studenten.

– Eg hadde forventa at høgskulen la seg litt meir i selen for å få det til, seier ho.

Ho seier regionen som høgskulen skal tene «er veldig mykje større enn Bergen», og viser til strategien som seier at skulen skal vere tett på samfunnet rundt og at dei skal vere gode på samarbeid.

– Og det arbeidslivet ligg i heile regionen, seier ordføraren.

Hordaland og Sogn og Fjordane vart slått saman til Vestland 1. januar 2020.

– Regelverk ikkje til hinder

Henrik Asheim (H) er statsråd for forsking og høgare utdanning.

Han seier til NRK at han forventar at institusjonane strekk seg langt for å legge til rette for at studentar kan ha praksis i omkringliggande kommunar.

– Dei nasjonale reglane våre er ikkje til hinder for at studentar som ynskjer det skaffar sin eigen praksisplass, seier han.

Henrik Asheim, Arbeids-og sosialminister.

LEGG TIL RETTE: – Eg forventar at institusjonane strekkjer seg langt for å legge til rette for at studentar og kan ha praksis i omkringliggande kommunar frå campus, seier statsråd Henrik Asheim.

Marthe Rygg Johnsen er lei seg for at det ikkje blir noko av praksisplassen i Solund.

– Dei får ikkje studentane ut i distrikta på denne måten, ved å halde dei i storbyane, seier ho.