Hopp til innhold

Fekk bomfaktura for traktor som aldri er utanfor garden

Traktorane til Bjørn Grov er aldri utanfor garden i Nordfjord. Likevel har han fått krav om bompengar på dei frå Skien og ferjefaktura frå Sognefjorden.

Bjørn Grov på Sandane fekk bompenge og ferjerekning for traktor som aldri er utanfor garden.

BOMTUR: Bjørn Grov vel å sjå humoristisk på at han fekk krav om bompengar for traktoren på bildet. Frå garden på Sandane til Skien er det over femti mil.

Foto: NRK

– Eg blei veldig forbausa, fortel Bjørn Grov og ler.

Den tidlegare avisredaktøren har høyrt mange gode historier gjennom åra, no er det han sjølv som kan fortelje.

I desember i fjor kom den første av to spesielle rekningar.

Ifølgje fakturaen frå Vegfinans AS hadde den eine traktoren til Grov passert bomstasjonen i Lensmannsdalen i Skien tre gonger på ein føremiddag.

– Det hadde vore ein veldig lang veg å reise med traktor for å køyre fram og tilbake i ein bomstasjon, seier Grov.

Administrerande direktør i Vegfinans AS, Nils Christian Helgesen, kjenner ikkje til akkurat denne hendinga.

– Dersom det blir oppdaga ei feilregistrering, så blir alltid fakturaen og passeringa sletta, seier Helgesen.

Skulle ha vore på ferje

Men ikkje nok med det.

I februar kom det ei ny rekning i posten. Denne gongen frå Norled sitt innkrevjingsselskap Skyttel.

Dei meinte at ein annan av Grov sine traktorar hadde vore på ferja frå Mannheller til Fodnes i Sogn.

– Dette skulle ha skjedd ein forferdeleg kald dag i februar. Hadde sikkert frose av meg alt eg hadde om eg skulle køyrd traktortur den dagen, humrar Grov.

– Pass på kva som står

Det høyrer med til historia at både Vegfinans og Norled sletta rekningane då Grov tok kontakt.

– Men ingen av dei hadde noko god forklaring på kva som hadde skjedd.

Trass i det humoristiske i historia, er Grov oppteken av at du må passe på kva som står i fakturaen du får.

– Det var jo heilt tilfeldig at eg såg at det var ein feil, slår han fast.

– Lurt å sjekke

Kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i reiarlaget Norled kjenner ikkje den aktuelle saka. Det gjer heller ikkje autopassansvarleg i selskapet, då saka altså vert handtert av Skyttel. Men i ein SMS til NRK skriv Gjertsen:

– Vi er einige om at det er lurt å sjekke fakturaen då det kan skje feil, og vi er glade for at saka vart løyst.