Øyvind Østrem som er studiekoordinator for subseaingeniørutdanninga i Florø gler seg stort over søkjartala. Oppteljinga viser at 95 søkjarar vil prøve seg på det nye studiet som startar opp frå hausten av.
– Dette er vi veldig nøgde med. Vi må absolutt seie at det er bra, seier han til NRK.no.
Spesielt kjekt synest han det er at det er så mange lokale søkjarar. Tala viser at 43 prosent av dei som vil inn på utdanninga er frå Sogn og Fjordane.
– Det er gode tal og vil føre til stabile studentar, og i neste omgang stabil arbeidskraft for regionen slik vi ser det, seier Østrem.
Det er god aldersblanding på søkarane. I gruppa 19–25 år finn vi om lag 63 prosent av søkarane. Gruppa 26–30 år utgjer 21 prosent og ei gruppe på 16 prosent som er eldre enn 30 år.
Om han skal klage på noko, er det at det var få jenter som søkte, berre 20 prosent.
– Her må det nok jobbast endå meir for å få jentene til å få augo opp for at dette er ei utdanning, og seinare eit yrke som passar like godt for jenter som gutar, seier han.
- LES OGSÅ:
Opprettinga av utdanninga har vist seg å få positive ringverknader i kystbyen. Trond Strømgren som har jobba med å leggje til rette for studiet sa tidlegare i vår til NRK.no at fleire store oljeselskap som har snusa på Florø har lagt merke til at det skal opprettast ei slik utdanning her.
– I fjor hadde vi besøk av oljeselskap som vurderer å etablere seg i Florø, og i etterkant er det sagt at det at eit slikt utdanningsløp leggjast til Florø vil vere ei medverkande årsak til at dei eventuelt vel Florø som base, sa Strømgren.
- LES OGSÅ: