Hopp til innhold

Populær olje-utdanning i Florø

Det nye studiet i undervassteknologi i Florø ser ut til å bli svært populært.

Florø får ingeniørutdanning i undervassteknologi.
Følge av: Olje- og gassmiljøet i byen blir større, men slit med å få tak kvalifiserte folk.
- Spleiselag, i samarbeid med Høgskulen i Bergen.

STARTAR OPP TIL HAUSTEN: Sjå TV-saka frå i fjor haust då det vart klart at ein startar opp med utdanning i undervassteknologi i Florø frå hausten 2013.

Vel to veker før søknadsfristen går ut er det allereie 55 søkjarar til dei 30 studieplassane.

– Dette er vi godt nøgde med, og vi håpar at det blir endå fleire som søkjer, seier Trond Strømgren som jobbar med å leggje til rette for studentane.

Vil vere viktig for både byen og regionen

Det er Høgskulen i Bergen som skal stå for den nyoppretta utdanninga i kystbyen, men Høgskulen i Sogn og Fjordane skal mellom anna medverke med lærekrefter.

Då planane om den nye utdanninga vart lagt fram i haust var det til stor jubel frå spesielt oljenæringa. Også ordførar Bengt Solheim-Olsen meinte denne utdanninga var viktig for satsinga på oljenæringa i Florø og i Sogn og Fjordane.

– Studiet vil først og fremst vere positivt for det lokale næringslivet og sikre rekruttering av kompetanse, og i tillegg vil det vere ein viktig faktor for å skape eit vitalt og aktivt Florø sentrum.

– Dei positive effektane vil gå langt utanfor Flora si kommunegrense og vil vere eit aktivum for regionen og heile Sogn og Fjordane, sa han til NRK.no i november.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø idrettssenter

HER SKAL DEI VERE: Det er her ved Florø idrettssenter at utdanninga skal halde hus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Interessante jobbar

Studiet startar opp til hausten og det ser så langt ut til å bli kamp om dei 30 plassane. Allereie er det nesten dobbelt så mange søkjarar og Strømgren har tru på at dei kan bli endå fleire i vekene fram mot søknadsfristen som er 15. april.

– Det er jo slik at det i dei to siste vekene før søknadsfristen er veldig mange som søkjer og bestemmer seg, seier han til NRK.no.

At utdanninga er populær er kanskje ikkje så rart, meiner han og viser til at næringslivet opplever stor etterspurnad etter denne type kompetanse.

– Dette er interessante jobbar, det er mykje innovasjon, internasjonale jobbar og jobbar som kan vare livet ut. Når Norge går tom for olje, så vil det vere behov for denne kompetansen i resten av verda, seier Strømgren.

Kan lokke selskapa

Opprettinga av utdanninga har også andre positive ringverknader fortel han. Fleire store oljeselskap har snusa på Florø, og ei slik tilbod i området har vist seg å vere ei god gulrot.

– I fjor hadde vi besøk av oljeselskap som vurderer å etablere seg i Florø, og i etterkant er det sagt at det at eit slikt utdanningsløp leggjast til Florø vil vere ei medverkande årsak til at dei eventuelt vel Florø som base, seier Strømgren.

Strømgren skal halde fram arbeidet med å leggje til rette for studiestart ut mai månad. I løpet av denne månaden startar Øyvind Østrem opp som studiekoordinator for ingeniørstudiet opplyser Høgskulen i Bergen.