Hopp til innhold

Florø får ingeniørstudie

Det blir ingeniørstudie i undervassteknologi i Florø frå hausten 2013.

Pressekonferanse om ingeniørutdanning for undervassteknologi.

SAMARBEIDER: Folkeuniversitetet Vestlandet og Fram Flora arbeider saman i eit prosjekt for å opprette ei subsea bachelorutdanning i Florø, med tittelen «Undervannsteknologi – drift og vedlikehold». Frå venstre: Kristin Maurstad, prosjektleiar Fram Flora, ordfører Bengt Solheim-Olsen, HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen og Torgeir Toppe fra Folkeuniversitetet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Prosjektleiar Kristin Maurstad seier det er eit samarbeid med Høgskulen i Hordaland og at det er plass til 30 studentar.

Planane vart presentert under ein pressekonferanse no i ettermiddag.

– No er det spikra. Det blir utdanning i Flora, jublar Maurstad.

– Alfa og omega

Prosjektleiaren trur utdanninga vil vere viktig for framtida til oljemiljøet i Sogn og Fjordane.

– Framtida ligg under vatn, så å få ingeniørane ei skreddarsydd utdanning for undervassinstallasjonar er alfa og omega for utviklinga av næringslivet, seier ho.

Høgskulen i Bergen skal stå for utdanninga, men høgskulen i Sogn og Fjordane medverkar mellom anna med lærekrefter. Studiumet blir starta opp etter same lest som Høgskulen i Bergen si tilsvarande studium på Sotra.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Florø får ingeniørutdanning i undervassteknologi.
Følge av: Olje- og gassmiljøet i byen blir større, men slit med å få tak kvalifiserte folk.
- Spleiselag, i samarbeid med Høgskulen i Bergen.

Undervassteknologi

Snart fullfinansiert

– No er det slik at Høgskulen i Bergen har eit tilsvarande studium i dag på Straume, som har vore i drift i seks-sju år med veldig gode resultat. Ved årets opptak var det det mest populære ingeniørstudiet i landet. Vi ynskjer starte opp slikt studium i Florø, med enkelte lokale tilpassingar, seier Maurstad.

Fleire oljeselskap og bankar har gått inn med over fem millionar kroner for å få stabla utdanninga på beina.

– Vi har kring 80 prosent av finansieringa på plass, og vi arbeider no med å få på plass dei siste 20 prosenta, seier Maurstad.

– Ein merkedag

Ordførar Bengt Solheim-Olsen skildrar det som ein merkedag for Flora kommune.

– Studiet vil først og fremst vere positivt for det lokale næringslivet og sikre rekruttering av kompetanse, og i tillegg vil det vere ein viktig faktor for å skape eit vitalt og aktivt Florø sentrum. Dei positive effektane vil gå langt utanfor Flora si kommunegrense og vil vere eit aktivum for regionen og heile Sogn og Fjordane, seier han.