Utstillinga varer frå 17. til 25. oktober og spenner vidt både med omsyn til uttrykksformer, teknikkar og materialval.
– Vi er skikkeleg glade og stolte over å ha denne utstillinga i jubileumsåret vårt, seier Anna Skadal Jonstad, som er nestleiar og mediekontakt i Sunnfjord Kunstlag.
- Les også:
- Les også:
Dyrebart kunstskap
Utstillinga vart opna med brask og bram førre laurdag og heile 21 av dei 40 kunstnarane var til stades. Sjølvaste Oddvar Torsheim har óg eit bilete på utstillinga, men det er i privat eige og ikkje til sals. Det er derimot mange av dei andre verka og det opptil fleire raude lappar på bileta.
- Les også:
Det dyraste kunstverket kostar 75 000 kroner og er laga av Yngvild Fagerheim. Det er sett saman av hundrevis av små porselenskuler som er trilla ut for hand. Det er laga av treverk og porselen. Kunstverket heiter Ubung og er eit skap som skal vere eit symbol på livet.
Ho har utstilt to slike skap, men det eine er privat. I det skapet er det ulike saker frå hennar barndom.
Stor spennvidd
Kunstnarane har mange ulike uttrykksformer, alt frå akvarell, akryl, tresnitt, fotografi, tekstilcollage, olje, serigrafi, modellert steingods, strameiborderi og mykje anna.
Britt Smelvær har laga to installasjonar av papirblomster montert i plexiglas. Gerd Torunn Osland var på utstillinga og fell for kunstverka til Smelvær.
– Med det same eg kom inn så gjekk eg rett bort til dei. Eg tykte dei var lekre, men no er eg veldig glad i blomster då.
Anna Skadal Jonstad er nøgd med oppmøtet. Utstillinga er både Festsalen og i Utstillingssalen i Førdehuset, Utstillinga blir ståande fram til søndag 25. oktober.
Her kan du sjå nokre av dei mange kunstverka som er i Førdehuset: