Hopp til innhold

Får til det Sogndal ikkje klarer

Aalesund FK får til det Sogndal ikkje får til: Eit sterkt engasjert heimepublikum.

Stormen gjer seg gjeldande på Fosshaugane Campus.

ENTUSIASME: Aalesund-supporterane stiller mannsterke og entusiastisk på både heime og bortekampar. Her under ein kamp på Fosshaugane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Debatten kring heimepublikumet til Sogndal dukka opp etter helgas 0-1-tap for Vålerenga.

To kampar på rad har gjestande supporterar vunne ein soleklar siger på tribuna på Fosshaugane Campus. Først kanarifansen frå Lillestrøm, så Klanen frå Oslo.

- Entusiasme er kun ein ting; hardt arbeid. Det gjeld å skape engasjement på førehand, seier Øyvind Vebenstad, arrangementsansvarleg i Aalesund.

- Det er ei skam

Sunnmøringane har klart det Sogndal ikkje har klart. Å få engasjement hos supporterane sine under kampane. Ålesund er ein større by, men har også ein langt større stadion å fylle.

NRK Sogn og Fjordane sin kulturmeldar vitja søndag begge supporterskarer under kampen. Han var ikkje i tvil om kva lag som fekk best støtte.

- Mangelen på support på søndagskvelden er ei skam, skriv Reite i bloggen sin.

  • LES HEILE BLOGGEN HER.

- Passe for alle

Redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal, samanliknar oppslutnaden søndag med 1-0 sigeren over Stabæk på bortebane.

Fardal fortel at han opplevde meir stemning frå dei 30-40 supportarar som tok turen til Telenor Arena, enn dei vel 3 000 som såg Vålerenga-kampen søndag.

- Vi har alltid hatt som mål at den viktigaste supporteren er i alderen null til 100 år, og av begge kjønn. Alle som er på stadion skal kunne bidra når vi spelar kamp, seier Vebenstad.

Aafk har lukkast

Vebenstad meiner cupmeisteren frå 2009 har lukkast med å skape lojalitet, identitet og stoltheit på tvers av resultat hos sine supporterar.

- Det er kanskje det som kjenneteiknar Aalesund. Vi er ikkje akkurat bortskjemde med plasseringar, gull og heider. Men vi har alltid tenkt at når du er på stadion, så skal det vere ei råme og atmosfære som gjer det hyggeleg å vere der sjølv om vi tapar, seier han.

Har gode råd

Sjølv meiner han å ha hatt fantastiske opplevingar når Aalesund har vitja Fosshaugane. Han har likevel gode råd å kome med til sogndalpublikummet og Sogndal Fotball.

Å ufarleggjere dette med å vise glede og entusiasme.

- Ein må våge å leve med. Fotball er kjensler, det er nerve, det er glede og det er oppturar og nedturar. Eit enkelt grep hos arrangørane er at publikum får rope etternamnet til spelarane under presentasjonen. Ein kan også ha songar som heile stadion kan synge med på, seier han.