Hopp til innhold

Får ikkje flytte heim i dag

Dei 36 evakuerte i Vik får ikkje flytte heim før måndag morgon.

Raset i Vik.

Sleppområdet ligg høgt i fjellsida, men det er uråd å sjå sikkert kvar steinblokkene losna. Nysnø i natt gjer det også vanskeleg å lokalisere raset utan å nytte helikopter.

Foto: Rune Tangstad

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet iverksette evakuering av 14 husstandar i 22-tida etter at bebuarar melde om store ras like før klokka 20.

I føremiddag fekk dei evakuerte melding om at det ikkje kjem geolog til staden før måndag.

- Eg fekk nett melding i stad frå politiet om at geologen ikkje kjem før måndag. Vi har fått grønt lys til å hente noko klede så vi slepp å gå i pysj, seier Gry Helen Nesse.

Har forståing

Nesse bur rett under sleppområdet. Ho snakka i telefon då ho høyrde buldringa like før klokka 20 laurdag. Eit ras ho ikkje opplevde som veldig dramatisk. Etter at Røde Kors varsla at det truleg ville bli evakuering, vekte ho likevel borna og reiste til foreldrene.

Søndag føremiddag vart det klart at dei ikkje får flytte heim att før måndag når geolog har synfart rasområdet.

- Eg tykkjer kanskje at det burde vere på sin plass at geologen ko mi dag, men det er søndag. Så eg har forståing for det, seier Nesse.

Høyrde buldring

- Det er trasig at vi ikkje får flytte heim att, men vi må tenke på å vere trygge. Så lenge området ikkje er sjekka, så vil eg ikkje kjenne meg trygg. Eg vil ikkje flytte heim før det er trygt, legg Nesse til.

Randi Hillestad

Randi Hillestad er mellom dei 36 evakuerte.

Foto: Privat

Også Randi Hillestad og familien hennar er mellom dei evakuerte. Ho stod og vaska opp då ho høyrde buldringa frå fjellsida over Vetleøyri.

- Eg stod å vaska opp. Då har eg vindauge opp mot fjellsida. Eg lurte på kva det var for noko For dette er ikkje ein lyd du høyrer kvar dag, fortel ho.

Eit redningshelikopter vart sendt ut frå Florø for å lokalisere rasområdet. I 22.30-tida bestemte politiet seg for å evakuere husstandane i området.

- Ikkje stort

Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese.

Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Det er ikkje så stort, men det har sleppt nokre blokker i fjellsida. Dei har ikkje kome ned til hus, men har stogga nokre hundre meter oppe i fjellsida, seier rådmann Oddbjørn Ese.

Rasområdet ligg vanskeleg til og ein avheng av helikopter for å komme opp til det. Førebels er det uvisst kor stort raset er.

Med fatning

Ove Andersen, lensmann i Vik.

Lensmann i Vik, Ove Andersen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Politi og kommune har no orientert dei evakuerte om situasjonen. Lensmann Ove Andersen seier dei tek det med fatning.

- Dei har full forståing for at vi gjorde det vi gjorde i natt. Det var allereie folk som var reiste då vi starta evakueringa, seier han.

- Dei som høyrde raset i går oppfatta veldige brak og smell. Det var dramatisk for dei som budde i området. Dei visste ikkje kor mykje som kom og kor langt det kom, held han fram.

Video Steinras i Vik

Sjå video frå ras-staden som gjekk i Dagsrevyen 14.11.2010

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.