Hopp til innhold

Ras stengjer fabrikk

Tilsette ved hjørnesteinsverksemda Vik Ørsta AS får ikkje gå på jobb før rasområdet på Vetleøyri er undersøkt av geolog.

Vik Ørsta må halde stengt.
Foto: Montasje: Rune Tangstad/Øyvind Berge Sæbjørnsen

Dagleg leiar Rolf Inge Roth opplyser at nattskiftet som skulle ta til klokka 18 i kveld har fått melding om å halde seg heime.

Det blir ikkje ny drift før geologane har synfart området. Geologane er venta til Vik klokka 12 måndag.

- Det viktigaste er liv og helse. Så får vi halde oss til det styresmaktene bestemmer seg for, seier Roth.

- Hektisk periode

Verksemda har 90 tilsette og produserer autovern. Roth stadfestar at politiet har opplyst at geologen ikkje vil komme til Vik før måndag.

- Det er er sjølvsagt uheldig. Vi er inne i ein hektisk periode, men det er førebels for tidleg å seie kor store følgjer dette får. No kjem det litt an på kva geologen seier når han kjem i morgon tidleg, seier han.

- Det er ikkje store stansen som skal til før det får følgjer. I løpet av nattskiftet hadde det nok blitt produsert nokre tonn. Det er nok nokre leveransar i neste veke som blir forseinka, held Roth fram.

Heller ikkje dei ti tilsette ved Euroskilt får gå på jobb før geologen har vore på staden.