Hopp til innhold

Ti bustadhus evakuerte etter ras

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ti bustadhus er evakuerte i Vik i Sogn etter eit stort steinras ikkje langt frå sentrum av bygda.

Det var like før klokka 20 i går kveld at politiet fekk melding frå naboar om at det hadde gått eit større steinras i området. Eit redningshelikopter vart sendt ut frå Florø i går kveld for å prøve å lokalisere rasområdet, og raset vart lokalisert kl. 22.35, opplyser politiet.

LES OGSÅ: Får ikkje flytte heim i dag

Evakuering

Like før midnatt avgjorde politiet saman med Vik kommune at dei ti nærmaste bustadhusa skulle evakuerast. Dei som bur i husa vart innlosjerte på Hopstock Hotell på Vikøyra, og der blir dei verande inntil vidare.

Det bur14 familiar, 36 personar, i dei 10 husa som er evakuerte.Familiane får ikkje vende tilbake til heimane sine i dag.

Det er ikkje venta at ein geolog vil vere på plass for å vurdere raset før i morgon måndag, opplyser Stokkereit.

Han kan førebels førebels ikkje seie noko om storleiken på raset.

Kraftig buldring

Randi Hillestad og familien er blant dei som vart evakuerte i går kveld. Ho fortel til NRK at ho stod og vaska opp då ho høyrde ei kraftig buldring oppe i fjellsida. Det er ikkje uvanleg med steinsprang i dette området, fortel ho, men dette verka mykje større.

Ho vart ikkje redd, fortel ho, heller ikkje då ordren om evakuering kom rundt klokka 23.30. Borna hadde lagt seg, men det gjekk greitt å få dei med seg til hotellet. Heller ikkje dei vart redde, kan ho fortelje.

Randi Hillestad fortel at det no har kome nysnø i området, slik at det er vanskeleg å sjå kor stort raset verkeleg er. Dei har utsikt til rasområdet frå hotellet, men dei har ikkje greidd å danne seg eit bilete av kor stort det er.

AKTUELT NÅ