Hopp til innhold

Denne fossen får ikkje kraftutbyggjarane røre

NVE seier nei til utbygging av Åsaelvi kraftverk i Luster. Dei meiner Åsafossen er så fin at kraftutbyggjarane ikkje får røre elva.

Åsaelvi i Luster kommune

NATURINNGREP: NVE meiner Åsafossen (som ein ser på biletet) har så stor landskapsmessig verdi at dei ikkje vil godkjenne utbygging av Åsaelvi, litt lenger oppe.

Foto: Eyvin Sølsnæs/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

– Vi meiner Åsaelvi kraftverk vil føre til ei redusert vassføring i Åsafossen, ein foss vi meiner har stor landskapsmessig verdi. Både isolert sett, men også fordi den ligg så nære den nasjonale turistvegen Sognefjellsvegen.

Det seier Erlend Støle Hansen som er sakshandsamar i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Åsafossen er godt synleg for dei som køyrer langs Sognefjellsvegen. Også Fylkesmannen var negative til utbygging av Åsaelvi, og viste i si fråråding til at eit kraftverk her ville få store konsekvensar for landskap, turisme og til dels friluftsliv.

Tor Arne Pedersen, dagleg leiar i Norges Småkraftverk som hadde søkt om å få byggje ut Åsaelvi kraftverk, er skuffa.

– Vi har lagt ned store ressursar i prosjektet og er sjølvsagt skuffa over at NVE har gitt oss avslag. På den andre sida har vi forståing for dei argumenta som NVE gir i avslaget, seier Pedersen.

Han seier dei ikkje har teke stilling til om dei vil anke avgjerda vidare til Olje- og energidepartementet enno.