Hopp til innhold

Fleire småkrafteigarar slepp å betale grunnrenteskatt med ny regjering

Fleire småkrafteigarar slepp å betale grunnrenteskatt med ny regjering. Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel er fornøgd med at saka er på plass i regjeringsdokumentet. Dessutan frå grunneigarar meir å seie i forvaltninga av verneområde.

Bjørn Lødemel

SMÅKRAFTVERK BLIR MEIR LØNSAME: Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Høgre, er fornøgd med at fleire småkrafteigarar slepp å betale grunnrenteskatt.

Foto: Alf Vidar Snæland

Bjørn Lødemel som er stortingsrepresentant for Høgre har følt presentasjonen av regjeringsdokumentet frå Høgre og Frp måndag kveld. Han har særskilt to saker han er fornøgd med at er komme med i dokumentet.

Det eine er at innslagspunktet for grunnrenteskatt for småkraftverk frå 5 til 10 megawatt.

– Det vil ha mykje å bety for mange småkraftverk i Sogn og Fjordane som då kjem under den nye grensa på 10 megawatt og dermed slepp å betale grunnrenteskatt. Det vil vere med på å auke lønnsemda for mange småkraftverk i Sogn og Fjordane.

Det har vore eit stort problem at småkraftverka har tent for dårleg. Fjoråret var elendig for fleire småkraftverk, og gullalderen for småkraftbransjen vart spådd å vere forbi.

Forvaltning av verna område

I tillegg er det ei anna sak hornindalspolitikaren er glad for er med i regjeringsgrunnlaget for Høgre og Frp. Lødemel meiner det er fornuftig å prøve ut ulike modellar for grunneigarstyrt forvaltning i verneområde eller i område som vert vurdert verna.

– Der ser vi at godt organiserte grunneigarlag faktisk kan få prøve ut om dei kan vere i stand til å gjere forvaltninga av verna område eller område ein vurderer å verne etter ein godkjend forvaltningsplan der ein i langt sterkare grad spelar inn grunneigarane sine interesser i forvaltninga av desse områda.

–At det også er med i dette regjeringsdokumentet synest eg er veldig gledeleg og positivt.

Finne betre løysingar

Han viser til at der staten går inn og overstyrer grunneigarar, og tek fråd dei grunngeigarrettar, er med på å svekk verneinteressa. Han meiner dette kan opne opp for å prøve ulike modellar slik at ein kan få innført grunneigarstyrt forvaltning, noko som er betre enn det vi har i dag.

– Viss ein ser det opp i mot at kommunane skal forvalte motorferdsellova sjølv, så er dette ei enorm forbetring for grunneigarar og lokaldemokrati.

Han trur grunneigarane vil vere veldig disiplinerte i høve til å få eit slikt forvaltningsansvar. Han understrekar at regjeringa med dette ønskjer å finne noko som er betre enn det vi har i dag.

– Vi ser mange stadar at der staten har overteke verna område faktisk har ført til at området sin verdi har blitt svekka. Så dette handlar om å prøve ut ulike modellar.