Hopp til innhold

Søknadsbunken blir stadig større - desse grunneigarane er leie av å vente

Norges Vassdrags- og energidirektorat, NVE, har nett no liggande 117 søknader om kraftutbygging i fylket. Fleire av utbyggjarane er i ferd med å miste tolmodet.

Jostein Angedal og Ove Åsen

UTOLMODIGE: Jostein Angedal og Ove Åsen har allereie venta i fleire år på svar frå NVE. No er tolmodet i ferd med å ta slutt.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Eg har vore utolmodig sidan vi sende inn søknaden i 2008, seier Jostein Angedal som framleis ventar på svar.

Saman med 17 andre grunneigarar vil han byggje ut eit småkraftverk inst i Angedalen i Førde kommune.

Litt lenger nede i dalen har Ove Aasen og seks andre grunneigarar liknande planar. Men heller ikkje dei har fått svar. Søknaden deira vart send inn i 2009.

– Det har gått altfor lang tid, seier Aasen og ristar på hovudet.

– Tida er i ferd med å renne ut

På bordet til NVE ligg det nett no 117 søknader om vasskraftutbyggingar i Sogn og Fjordane. I tillegg har dei fått melding om ytterlegare tre søknader som ligg i løypa, totalt er talet dermed oppe i 120.

Men for utbyggjarane hastar det med å få svar slik at dei kan starte opp.

Inntaket til småkraftverk i Anga i Angedalen er planlagd her

SMÅKRAFT: Fleire grunneigarar i Angedalen i Førde vil byggje ut kraftverk i elva Anga. Inntaket er planlagd her.

Foto: Gro ravnestad / NRK

Innan 2020 må nemleg nye kraftverk vere i drift om eigarane skal kome inn under ordninga med grøne sertifikat. Det seier marknadsdirektør Anders Lervik i selskapet Norsk Grønnkraft som forstår dei utolmodige utbyggarane.

Selskapet åleine står bak seks konsesjonssøknader her i fylket.

– Tida er etter kvart byrja sjå knapp ut, og vi er uroa for sakshandsaminga i NVE på lik linje med andre utbyggjarar, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ove Aasen og seks andre grunneigarar sendte NVE søknad om å få starte kraftproduksjon i 2009. Dei har framleis ikkje fått svar.

SJÅ VIDEO: Grunneigarar i Førde ventar framleis på svar frå NVE. (Foto: Gro Ravnestad/NRK)

Viktig for lønsemd

År 2020 er ei ekstremt viktig deadline for småkraftutbyggjarane. Ordninga med grøne sertifikat gir nemleg utbyggjarane av miljøvenleg kraft 20 øre ekstra i inntekt per kilowatt-time. Dette er ofte avgjerande for om utbygginga er lønsam eller ikkje, seier Lervik.

– Min påstand er at dersom det ikkje er bygd ut i 2020 er det vanskeleg å få bygd etter den tid. Nettopp fordi ein har eit inntektstap, seier han.

NVE har på sitt bord 89 søknader om småkraftverk, sju søknader om litt større kraftverk og 11 mini eller mikrokraftverk i Sogn og Fjordane. Om alle kjem i drift blir det straum til over 100.000 husstandar.

Planlagde kraftutbyggingar finst i 23 av dei 26 kommunane i fylket, med Gloppen, Lærdal og Luster som dei største.

Håpar vere ferdige innan 2017

Rune Flatby. Fung.avd.dir NVE

HAR EIN PLAN: Det seier Rune Flatby i NVE.

Foto: NVE

NVE som skal avgjere søknadane har lenge vore klar over tidspresset. Dei har også tidlegare vore ute og gitt frist for å sende inn søknader, seier avdelingsdirektør Rune Flatby.

– Vi har laga oss ein plan og signalisert ovanfor utbyggjarane at dei som kjem med søknader til oss i løpet av 2012, der skal vi greie handsame søknadane innan 2017. Då vil det vere mogleg å vere med i sertifikatordninga, seier Flatby.

Søknadane er blitt og blir behandla i grupper, mellom anna ut frå nettkapasiteten for straumen. Og nettopp nettkapasitet har vore viktige oppe i dette.

I Sogn og Fjordane har ein lenge venta på avgjerda om kraftlinja mellom Ørskog og Fardal, som no er venta vere på plass neste år.

Kan ikkje love noko for nye prosjekt

Då NVE gjekk ut og sa at søknader måtte vere inne i løpet av 2012 resulterte det i svært mange søknader på slutten av det året.

(Artikkelen held fram under videoen)

17 grunneigarar i Angedalen har seks år på at NVE skal handsame konsesjonsøknaden på eit småkraftverk.

HAR PLANAR: 17 grunneigarar i Angedalen har venta sidan 2008 på å få handsama konsesjonssøknaden. (Foto: Gro Ravnestad/NRK)

Søknader som kom inn etter dette vil Flateby ikkje automatisk gi lovnad om behandling før fristen for grøne sertifikat er ute.

– Om det kjem inn nye prosjektsøknader i dei område der vi allereie har handsama saker, så kan vi ikkje love at dei vil bli ferdig handsama innan 2020. Det sa vi tydeleg i 2020, seier han.

Stadig fleire får nei

Det er også eit faktum at stadig fleire får avslag på søknadane sine.

– I fjor gav vi avslag til ganske mange, det nærmar seg etter kvart 50 prosent. Årsaka til det er at vi dei siste åra har gitt over 550 småkraftkonsesjonar.

– Mange av dei gode prosjekta har allereie fått klarsignal, og vi ser at konfliktnivået no har auka. Det skuldast at nokre prosjekt er dårlege og at folk i nokre område føler at det er bygd ut nok, seier Flatby.

Håpar noko skjer snart

I Angedalen i Førde håpar dei at dei snart høyrer noko frå NVE.

– Vi høyrer dei skal ta område for område, noko vi meiner er tvilsamt. Det vil seie at søknader som kom inn i 2012 kan bli handsama før oss. Det er litt merkeleg, sukkar Jostein Angedal.