Hopp til innhold

Sambuarparet fekk nei til naust her. Fleire kommunar vil skjerpe strandsona

Ei rekke kommunar vil gjere det lettare å bygge i strandsona. Men Bergen vil gå motsett veg. – Ein tragedie for byen, og ein hån mot innbyggarane, seier Frp.

I sommar fekk Cecilie Tofting Leiknes og Anders Hodder avslag på å bygge naust på den inneklemte tomten til høgre, på Krokeide sør i Bergen.

FEKK AVSLAG: I sommar fekk Cecilie Tofting Leiknes og Anders Hodder og eit venepar avslag på å bygge naust på den inneklemte eigedomen til høgre, på Krokeide sør i Bergen. Dei ville bygge akkurat likt som dei gule nausta til venstre.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Det er ei tom steinrøys som ikkje er i bruk, seier Anders Hodder og sukkar oppgitt.

– Eg trur ikkje nokon hadde funne vegen ut hit ein gong.

Nedfor ei bratt skrent, mellom gule og raude naust, har to venepar kjøpt ein eigedom på Krokeide heilt sør i Bergen kommune. Her drøymer dei om å bygge naust.

No er det ei fjøre full av sleipe steinar og noko buskas, og slik vil det truleg bli verande. For i sommar fekk dei endeleg avslag på søknaden frå staten, sjølv om eit kommuneutval først sa ja.

– Dei skal verne om strandsona, men det hadde blitt meir brukt om vi kunne lagt til rette for det, seier Cecilie Tofting Leiknes.

Marte Monstad er Frps gruppeleiar i Bergen bystyre.

KRITISK: Marte Monstad er Frps gruppeleiar i Bergen bystyre.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Frp-politikar Marte Monstad synast det heile er meiningslaust.

– Det er ein inneklemt grunneigedom og tilgjengelegheita er ganske redusert, seier ho.

No er dei uroa for at det skal bli enno vanskelegare for folk å bygge naust og brygger i Bergen framover. Neste veke vedtek truleg bystyret eit høyringsutspel om at dei ønskjer like strenge reglar som i Oslofjorden.

– Det betyr i teorien at vi får byggeforbod i Bergen. At byrådet no går inn for å seie frå seg all råderett over strandsona i heile Bergen kommune er ein tragedie. Det er ein hån mot innbyggarane og ein hån mot det lokale sjølvstyret, seier Monstad.

I sommar fekk Cecilie Tofting Leiknes og Anders Hodder avslag på å bygge naust på den inneklemte tomten til høgre, på Krokeide sør i Bergen.

STEINRØYS: I denne fjøra skulle Cecilie Tofting Leiknes og Anders Hodder og eit venepar gjerne ha bygd seg kvart sitt naust.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Kan byte strandsone-reglar

Dei siste månadane har ei revidering av dei nasjonale reglane for forvaltning av strandsona som har vore på høyring.

Målet til regjeringa er å gjere det enklare for distriktskommunar å tillate bygging, noko SV og MDG har reagert sterkt på.

Byutviklingsbyråd i Bergen, Eline Haakestad (MDG)

STRAMMAR INN: Eline Haakestad (MDG) er konstituert byråd for byutvikling i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Eline Haakestad (MDG), konstituert byråd for byutvikling i Bergen, vil ikkje at innbyggarane skal ha høve til å søke om dispensasjonar fordi det fører til ein bit for bit-nedbygging av strandsona.

– Vi ønskjer at det skal bli teke i ein overordna plan så vi får det langsiktige perspektivet og eit mykje betre avgjerdsgrunnlag, seier Haakestad.

Då reglane kom i 2011 blei Noregs kystkommunar delt i tre soner:

  • Sone 1 omfattar Oslofjorden og har dei strengaste reglane. Her skal ein ikkje kunne få enkeltvise dispensasjonar frå byggeforbodet, men det må bli innbakt i heilskaplege reguleringsplanar.
  • Sone 2 omfattar Sørlandet og bynære delar av Rogaland, Hordaland og Trondheimsfjorden.
  • Sone 3 er distriktsområde med lågare utbyggingspress.

No har regjeringa bedt kystkommunane om å seie frå om dei vil bli verande i sona dei har vore i til no, eller om dei vil byte.

Sjå kartet for kva nær 40 kommunar har svara så langt.

KART: Her er kommunane som har svara så langt i høyringa. Dei som vil byte strandsone-reglar er markert med sterkast farge frå sona dei vil til: Sone 1 (raud), 2 (gul) eller 3 (grøn). Resten er svakt markert med sona dei vil bli verande i. Du kan trykke på pila og zoome inn på kartet. Delar av Sandnes er i sone 2, men vurderer å bli heilt grønt.

Fleire vil byte sone

Bergen er den einaste kommunen som så langt ligg an til å ønske seg strengare reglar, ved å byte frå sone 2 til sone 1.

Blant dei nær 40 kommunane som har sendt inn høyringssvar så langt, er det ti som no ønskjer å byte sone, enten heilt eller delvis.

I motsetning til Bergen, ønskjer dei meir sjølvstyre:

  • Porsgrunn vil byte frå sone 1 til sone 2. Dei meiner dei ikkje kan bli samanlikna med områda inst i Oslofjorden.
  • Desse vil byte frå sone 2 til sone 3: Sola, Karmøy, Øygarden og Frøya.
  • Haugesund vil la øygruppa Røvær byte til sone 3, mens resten av kommunen blir verande i sone 2.
  • Desse er delt i sone 2 og 3, og vil berre vere i sone 3: Alver og Indre Fosen.
  • I tillegg er Sandnes i begge soner, og vil inn i berre sone 3 dersom kommunen ikkje får større høve til å avgjere strandsonevernet sjølve.
  • Stavanger vil bli verande i sone 2, men ønskjer at heile øya Ombo skal bli lagt i sone 3. I dag er øya delt i to soner.

Ei rekke andre kommunar har bedt om utsett svarfrist.

Det er fleire nyleg samanslåtte kommunar som er delt i både sone 2 og 3. Regjeringa legg i utgangspunktet opp til at dei skal halde fram slik dei har vore til no.

Molde er blant desse. Dei vil halde fram med begge soner, og viser til at det er «større utbyggingspress på sjønært areal innanfor deler av tidlegare Molde kommune».

Andre «oppdelte» kommunar som ikkje har svara enno er Bjørnafjorden, Inderøy, Hitra, Orkland, Steinkjer og Ålesund.

Krev meir sjølvstyre

Fleire av kommunane som vil bli verande i sone 3 ønskjer seg enno meir sjølvråderett utan innblanding frå fylkesmannen. Fjaler og Bremanger i Vestland meiner til dømes at dei bør få lov til å seie ja til påbygg og brygger utan at fylkesmannen skal legge seg opp i det.

Vidare viser høyringssvara at det er delte meiningar om kor vidt dei forkorta og forenkla reglane fører til nokon endringar. Somme etterlyser meir detaljerte føringar, andre er nøgde.

Ulstein formannskap meiner at oppmjukinga i sone 3 kan føre til meir utbygging i strandsona, og har vanskar med å sjå at endringane også vil vareta natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap på ein betre måte samla sett.

Tilbake i fjøra sør i Bergen har venepara framleis eit håp om å få bygge naust ein vakker dag.

– Vi kan ikkje selje, og har veldig lyst til å bygge her ein gang, så vi får berre håpe, seier Leiknes.