Får byggje vindmøller på Lutelandet

Vestavind kraft har fått endeleg ja til å byggje vindkraftturbinar på Lutelandet.

Lutelandet fekk konsesjon til vindmøllepark i dag.

Endeleg vindmøller

Etter ein runde med naboklager, gjev Olje- og energidepartementet i dag klarsignal til utbygging av mellom 10 og 19 møller. Anlegget kan produsere straum til 6000 husstandar.

Administrerande direktør Stig Svalheim er godt nøgd med avklaringa.

– Det som blir jobben dei neste åra, er å finne ut kva vindturbinar og teknologi vi kan velje. Og så må det heile matche opp mot kraftprisar og el-sertifikatprisar som vi får framover. Der er det uvisse, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stig Svalheim

Stig Svalheim presenterte i dag prosjektet på ein pressekonferanse på Sunnfjord hotell. Han gler seg over det positive vedtaket.

Foto: Steinar Lote / NRK

Er optimistar

Vestavind kraft kan tidlegast levere kraft i 2015, når den nye kraftlinja mellom Ørskog og Fardal er klar.

– Før den tid har det ingenting for seg å ha noko klart. Vi er tidlegast klare til start i 2015–2016. Vi kan komme i gang med ein testturbin, for det er det kapasitet til i kraftnettet, seier han.

– Vindkrafta er jo relativt dyr å byggje ut og straumprisane svingar. Kor realistisk er det at Vestavind gjer eit vedtak om å byggje ut?

– No når vi har fått konsesjonar å jobbe med, er vi optimistar på at vi skal klare å få økonomi i dette. Men det er klart at slik som i sommar har straumprisane vore veldig låge. Det er kjekt for forbrukarane, men det er vanskelegare å ta investeringar både på vindkraft og vasskraft.

Pressekonferansen til Vestavind

PRESSEKONFERANSE: Kommunalminister Liv Signe Navarsete var også tilstades under pressekonferansen til Vestavind i dag.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eit viktig bidrag

Statssekretær Ane Hansdatter Kismul i Olje- og energidepartementet seier at Lutelandet vindkraftverk blir eit viktig bidrag i satsinga på fornybar energi.

– Vindkraftutbygginga i Norge skyt no fart. Vindkraftverket kan produsere straum tilsvarande det årlege forbruket til om lag 6000 husstandar, og bidreg til auka forsyningstryggleik.

Glad ordførar

Arve Helle

ORDFØRAREN: Arve Helle er glad for at vedtaket var positivt.

Foto: Sondre Dalaker / NRk

Også Fjaler-ordførar er letta og glad for vedtaket som no har kome.

– Eg er veldig glad. Vi har venta lenge på dette og det er ein gledas dag for Fjaler og HAFS-regionen. No kan vi få på plass både vindkraft og testsenteret som er planlagd, seier Helle.