Hopp til innhold

Usemje om effekt av vindmøller

Vindmøller gir både suksess og nedgang i turistnæringa.

Mehuken vindpark i Vågsøy

MEHUKEN: Vindparken på Mehueken har påverka turismen negarivt, meiner Thomas Bickhardt.

Foto: Ragnar Myre

– Besøket på Kråkenes fyr i Vågsøy har gått ned etter at det vart etablert vindpark på fjellplatået ovanfor fyret, seier Thomas Bickhardt som driv turisme i området.

Naivt

I Gulen er folk djupt usamde om ein vindpark vil skremme vekk turistar eller vere ein attraksjon.

Bickhardt meiner det er naivt å tru at turistar aksepterar vindmøller i naturen.

– Turistane brukar ikkje mange tusen kroner for å køyre gjennom ein industripark. Det har dei heime, seier han.

Kråkenes fyr.

TURISTMÅL: Kråkenes fyr

Foto: Merete Høidal / NRK

Og viser til at dei utanlandske besøkande til Kråkenes fyr har blitt færre etter at Mehuken vindpark blei etablert med fem vindmøller i 2001.

Bickhardt er bekymra for kystturismen dersom planane om storstila vindparkutbygging blir gjennomførte.

– Opplevinga er øydelagd for dei. Det er rett og slett naivt å tru at folk aksepterar vindmøller i naturen.

Suksess på Møre

På Nordmøre har Tor Moholt som driv Smøla vindpark heilt andre erfaringar.

– Etter at vindparken kom på Smøla så har jo turismen eksplodert på øya, seier Moholt.

Parken er bygd som eit besøkssenter for vindinteresserte frå heile verda, og har òg blitt godt motteke av dei lokale.

– Dei fleste på Smøla seier at det er flott å sjå desse majestetiske, høgreiste bygningane på elles flate Smøla, seier Moholt.

Eli Heiberg i Vestlandsforsking trur ikkje det er rom for mange slike senter langs kysten.

– Mange synlege vindparkar vil bryte med bildet turistane har av Noreg som eit land med urørt, eksotisk natur.

– Viss det vert ei storstilt utbygging av vindkraft, så trur vi kan kome til å påverke negativt, seier Heiberg.