Hopp til innhold

Kunstgraset er klar til bruk

I dag vart det nye dekket på Fosshaugane Campus teke i bruk, og lovorda var mange.

Kunstgras på Fosshaugane

FOR FØRSTE GONG: Sogndalspelarane får prøve kunstgraset.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sjølv banesjef Tom Idar Teigen er litt overraska over kor fint det har blitt.

– Det har begynt å bli eit kjempeanlegg. Eg skal ikkje legge skjul på at det vore ein hektisk anleggsperiode, men bitane er i ferd med å falle på plass, og det ser verkeleg bra ut.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kunstgras på Fosshaugane

OVERRASKA: Banesjef Tom Idar Teigen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han har ikkje oversyn over kor mange arbeidstimar som er lagt ned for at anlegget skulle bli klart til seriekampen mot Fredrikstad fredag kveld.

– Det får vi finne ut av i etterkant. Men det er mange som har hatt lange arbeidsdagar, ei stor takk til alle som har vore med.

– Fekk gåsehud

Styreleiar Tor Arne Ness var imponert over bana.

– Eg fekk litt gåsehud då eg kom utpå, faktisk. Det er utruleg innbydande, det kriblar nesten i kroppen min til og med, det blir spennande på fredag.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kunstgras på Fosshaugane

FEKK GÅSEHUD: Styreleiar Tor Arne Ness.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er ikkje slik at du vurderer å løyse lisens slik at du kan bli med?

– Det er nok for seint, så det skal eg ikkje gjere. No skal fotballskulen innpå, så er vi klare til Lerum Cup og til innviing av bana i seriekampen mot Fredrikstad fredag. Der håpar vi på fullsett stadion.

– Korleis har denne prosessen med legging av kunstgras vore?

– Den har vore veldig positiv. Vi har hatt mange gode støttespelarar, det har vore veldig spennande, og dette er starten på noko nytt. Campus Fosshaugane er bygd på samhandling, no kan vi bruke anlegget mykje meir, det er kjempepositivt.