Hopp til innhold

Far ankar dommen etter mishandlingssaka i Bergen

Ein sju år gamal gut vart sommaren 2022 funne alvorleg skadd i ei seng i ein leilegheit i Bergen.

Saka førte til at barnevernet i Bergen fekk omfattande kritikk frå statsforvaltaren. Byrådet gjekk av etter saka.

Gutens far blei i mars dømd til ni års fengsel. No ankar han dommen, får NRK stadfesta. Han har også bytt advokatfirma. TV 2 omtala anken først.

Hordaland tingrett dag 2

Far dømd til ni år i fengsel for mishandling av 7-åring i Bergen

Retten meiner at han var tilrekneleg, og at det ikkje er naudsynt med forvaring. Ni år fengsel og kontaktforbod på ubestemt tid er dommen.