Hopp til innhold

Fannmel fekk ikkje hoppe

Honndølen Anders Fannemel kom seg ikkje vidare frå kvalifiseringa søndag.

Video nsps_upload_2009_12_5_17_16_30_750.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Sjå hoppet til Fannemel laudag.

Han enda på ein 46. plass i kvalifiseringa under vanskeleg forhold.

- Eg var meir nervøs i dag og følte presset sterkare, fortel han.

Laurdag gjorde 18 år gamle Fannemel ein svært god prestasjon då han vart nummer 10 under verdscuprennet på Lillehammer.Han hoppa seg opp frå 28. plass til 10. plass og vart dermed nest beste nordmann i Lysgårdsbakken .

Var reserve

Junioren hadde verdscupdebut denne helga, og slo til med eit kjempehopp på 135,5 meter i 2. omgang. Dermed hadde han finaleomgangens nest lengste hopp.

Honndølen var eigentleg reserve, men fekk sjansen til å vere med i verdscupen i helga då Jon Aaraas fekk eit brot i leggen.

Satsar mot junior-VM

Fannemel reknar ikkje med at det blir så mange verdscuprenn på han framover. Men slik formen er no, reknar han med at han er sikker på laget til junior-VM i slutten av januar.

- Men OL-billett vågar eg framleis ikkje å drøyme om, seier han

Anders Fannemel

Anders Fannemel blir gratulert etter verdscuprennet i shihopp for menn på Lillehammer laurdag ettermidag.

Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix