Hopp til innhold

Anders (18) førstemann i debuten

Anders Fannemel får ikkje uventa start nummer 1 når han for første gang skal ete kirsebær med hoppeliten i verdscupen.

Anders Fannemel

Anders Fannemel har startnummer ein i sitt første verdscuprenn i skihopping.

Foto: Einar Løken

18-åringen kom gjennom nålauget i fredagens kvalifisering , og inntekt bommen når 1. omgang startar klokka 16 i dag.

- Eg trur ikkje folk er klar over kor stort dette er for fylket, og ikkje minst hoppsporten i fylket, seier onkelen til honndølen, og leiar i hopp- og kombinertkomiteen i Sogn og Fjordane, Gunnar Fannemel.

Viktig for hoppsporten

I alt ni nordmenn er kvalfisiert til dagens hopprenn i Lysgårdsbakken på Lillehammer. I tillegg til Fannemel, debuterer Andreas Stjernen i verdscupen. I Sogn og Fjordane, og spesielt i Nordfjord, er det spesielt knytt interesse til hopparen med start nummer 1. I tillegg hoppar Stårheim-hopparen Akseli Kokkonen sitt første verdscuprenn som nordmann.

- Hoppsporten er nede i ein bølgjedal rekrutteringsmessig. Sjølv om vi har noko på gang i Vik og i miljøet kring Bjørkelibakken i Stryn. Dette trur eg er viktig for rekrutteringa, seier leiaren i hopp- og kombinertkomiteen.

Sette seg i bilen

- At Anders lukkast, gir eit signal om at det er mogleg å lukkast sjølv om ein ikkje har dei same føresetnadane som andre stadar. Vi bur i snøfattige område, har ikkje heilårsanlegg i nærområdet, og kanskje ikkje har den trenarkompetansen som dei har andre stadar, held Fannemel fram.

I Hornindal har Stig Jarle Seljeset (50) følgd opp hopptalentet Anders frå han var 13 til han var 16 år gamal.

Stolt gamletrenar

Laurdag morgon sette han seg i bilen saman med far til Anders, Ola Fannemel, og la kursen mot Lillehammer.

- Vi hadde det i bakhovudet, men då han kvalifiserte seg bestemte vi oss, seier Seljeset. Gamletrenaren til Fannemel vedgår at han i dag er stolt.

- Det er klart eg er. Absolutt. Dette er ein stor dag. Men eg er ikkje overraska. I dag skal vi nyte dette, seier han.

- Roleg som alltid

Nervane held seg stabilt roleg. Det same gjer nervane til hopparen sjølv.

- Vi var nett nede med han, og han er like roleg som alltid. Ein skulle aldri tru at han i dag debuterer i verdscupen. Han har beina godt planta på jorda, fortel Seljeset.

- Ikkje overraska

At Fannemel i dag hoppar verdscup, er han ikkje overraska over i det heile.

- Han er veldig seriøs og har stor glede av sporten. Alt som skjer, tek han med fatning. Anders er aldri høgt oppe eller langt nede. Han tek sporten seriøst, seier han.

- Har potensiale

Han utelukkar ikkje at hopptalentet får vise seg fram i begge omgangane. Berre dei 30 beste av 50 startande hopparar får hoppe andre omgang.

- Det er eigentleg ikkje så viktig. Viktigaste var å nå første verdscuprenn. Men får han til eit godt hopp, så kanskje. Han har potensiale til å kunne klare det, meiner han.