Hopp til innhold

Fannemel nest beste nordmann

Anders Fannemel (18) hoppa seg opp frå 28. plass til 10. plass under verdscuprennet i Lysgårdsbakken på Lillehammer.

Anders Fannemel

Anders Fannemel var nest lengst av alle hopparane i andre omgang i Lysgårdsbakken på Lillehammer.

Foto: Einar Løken

Berre sigrande Andreas Schlierenzauer (Austerrike) hoppa lengre enn honndølen i 2. omgang. Medan Schlierenzauer landa på 141 meter, strekte Fannemel seg til 135,5 meter.

- Det var betre enn første omgang. Eg sat godt på foten, og det var berre å starte tidleg å trykke, seier hopptalentet etter ein forrykande debut i verdscupsirkuset.

Nest lengst

Med startnummer 1 landa Fannemel på 119 meter i første omgang, og sneik seg til finalen med 28. plass. Dei 30 beste fekk hoppe finalen. Men nordfjordingen ville høgare på lista og leverte eit kjempehopp i andre omgang. K-punktet er på 123 meter. At han skulle ende på 10. plass hadde han aldri trudd før rennet.

- Då hadde eg berre ledd. Eg hadde ikkje trudd på dei, seier Fannemel til NRK.

- Ubeskriveleg

Nøgd er han i alle fall etter å ha teke sine aller første poeng i verdscupen. Fannemel kom inn som reserve for Jon Aaraas, men vart nest beste nordmann. Roar Ljækelsøy vart beste nordmann på åttandeplass. Fannemel var 28,6 poeng bak Schlierenzauer.

- Dette var utruleg morosamt. Ubeskriveleg, seier han.