Hopp til innhold

Fannemel kjempar om VM-billett

Etter NM-bronsen tysdag siglar Anders Fannemel opp som ein heit kandidat til den norske VM-troppen. Gjer han det bra framover kan han få vise seg fram i Vikersund.

Anders Fannemel

MOT VM: Anders Fannemel har for alvor meldt seg på i kampen om VM-billettane.

Foto: Josefsen, Jon-Michael, Jon-Michael Josefsen / Scanpix

Den unge honndølen overraska nok mange då han tidlegare i veka slo til med bronse under NM i stor bakk i Granåsen. Etter å ha strekt seg til 132 og 133 meter var det berre Bjørn Einar Romøren og Anders Bardal som gjorde det betre.

Den fantastiske prestasjonen gjer at 20-åringen no for alvor er med i kampen om å få bli med på det norske VM-laget. Hoppsjef Clas Brede Bråthen er full av lovord om Fannemel.

– Anders har etablert seg på eit endå høgare nivå. No er det opp til han å vise kor god han kan vere, seier Bråthen til nettstaden skijumpingnorway.com.

Til helga får Fannemel nok ein sjanse til å vise seg fram under verdscuprenna i Willingen. Om han gjer det godt her, kan han også få vere med på fleire verdscuprenn. Viss han får det til å klaffe, er det sjanse for at han gjer seg fortent til å bli med til verdsmeisterskapen skiflyging.

– Viss Fannemel hoppar bra, har han sjansen til å fortene ein plass i VM som startar om to veker. Vi må sjå korleis han presterer i Willingen, seier Bråthen til nettstaden.

Han legg til at også Tom Hilde og Johan Remen Evensen kjempar om billettar til VM som i år går på heimebane i Vikersund.

Fannemel er inne i ein god periode for tida, etter at han i slutten av januar slo til med eit kjempehopp i verdscuprennet i Sapporo. Med to kjempehopp sikra han seg til slutt ein sjuandeplass som må kunne seiast å vere hans store internasjonale gjennombrot.