Hopp til innhold

– Eg visste det kom til å bli langt

Då Anders Fannemel retta på hanskane og sjekka skia visste pappa Ola Fannemel at noko stort var i ferd med å skje. – Ofte veit eg korleis det kjem til å gå når eg ser korleis han oppfører seg på bommen, seier faren.

Anders Fannemel på bommen

KLAR: Allereie då sonen sette seg på bommen kjende faren på seg at han kom til å gjere noko stort.

Foto: skjermdump NRK1

På nokre sekund er det heile over. Den unge honndølen slepper seg frå bommen, og kastar seg ut over kulen. Då han landar 131 meter nede i bakken bryt pappa ut i jubel heime i stova.

– Eg såg det med ein gong han kom ut på bommen i går. Det var tydeleg at han hadde tenkt å gjere noko stort og at han kom til å hoppe langt, seier Ola Fannemel.

Og det var nettopp det som skjedde. Etter det fantastiske førstehoppet vart den unge honndølen blant dei aller siste att i tårnet før andre omgang. Til slutt enda han på ein fantastisk sjuande plass.

Dagen etter det definitive internasjonale gjennombrotet følgde han opp med ein sterk tiandeplass.

Svært stolt pappa

Pappa Ola Fannemel følgjer nesten alltid med når sonen set utfor hoppbakkane. Sidan Anders var 13 og kom heim og masa om å få seg hoppski han har følgd skitalentet tett. Då NRK ringer han søndag føremiddag er det ein stolt pappa som kan konstatere at sonen denne helga har prestert heilt i verdstoppen.

– Han har smakt litt på suksessen også tidlegare, men vi håpar no at han skal klare halde seg på eit høgare nivå over tid, seier Ola Fannemel til NRK.no.

Laurdag morgon sat han benka framfor fjernsynet for å sjå på hopprennet frå Sapporo. Etter å sett sonen sette utfor tallause gonger han han fått eit godt auge for kva som lovar godt for eit godt resultat.

– Det er klart, av og til tek eg jo feil også, ler han og konstaterer at han fekk veldig rett denne gongen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fannemel med flott første hopp

KJEMPEHOPP: Anders Fannemel strekte seg heilt ned til 131 meter i sitt første hopp laurdag.

Meldingane tikka inn på mobilen

Men i går fekk han rett og sekund etter hoppet på 131 meter tikka det inn minst ti tekstmeldingar frå naboar og andre kjente.

– Det er veldig moro. Det er tydeleg at det er mange andre også som følgjer med han, seier faren.

– Korleis er det å sjå sonen sin hoppe så bra?

– Det er nesten litt uverkeleg, vedgår den stolte faren.

– Sit i tårnet med førebileta

Allereie frå barneåra var Anders Fannemel interesserte i skiidrett. Lenge dreiv han med skiskyting, men som 13-åring kom han heim og ville ha seg sitt første par med hoppski. Allereie som 16-åring flytta han til Lillehammer for å satse og faren er imponert over alt han har fått til.

– Det er litt rart å tenkje på at han no sit att i toppen av tårnet med hoppstjerner som for eksempel Daiki Ito. Då Anders starta med hopp var Jakub Janda eit stilistisk førebilete, og no i helga har Anders slått han, fortel faren.

Ola Fannemel er full av lovord om sonen, og skryt også av det norske laget. Han meiner samhaldet i gruppa er ein viktig faktor for suksessen.

Under søndagens renn plasserte alle fire nordmennene seg blant dei 16 beste, noko NRK-kommentator Arne Scheie meinte var meisterleg.

– Eg har eit inntrykk av at dei norske verkeleg unner kvarandre suksess. At det er lagarbeid og at dei backar kvarandre opp, seier faren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Team Vest 2005 - Anders Fannemel heilt til venstre

NY: Biletet er av Team Vest frå 2005. Anders Fannemel som står ytst til venstre har då drive med hopp i eitt år.

Foto: Privat

Spent på tida framover

No er han svært spent på om sonen klarar å halde seg heilt i verdstoppen. I hopp er marginane minimale, og det er ikkje alltid mykje som skil eit kjempehopp frå eit mislukka hopp.

– Det er snakk om eit par sekund i elden, og så er det over. Marginane er små, men det er også det som gjer det så ulideleg spennande, seier han.