Hopp til innhold

Hadde berre delteke i eitt verdscup-renn før - så klinka Fannemel til

Anders Fannemel var den store overraskingsmannen, då han fekk fullklaff i verdscuprennet i Sapporo.

Video Fannemel med flott første hopp

Fannemel med flott første hopp

Med røynsle frå berre éin verdscupkonkurranse frå før, klinka Anders Fannemel til med 131 meter i første omgang i storbakken i Sapporo.

Det heldt til tredjeplass blant verdas aller beste hopparar.

– Dette er ein sensasjon, kommenterte Arne Scheie på NRK1.

Fannemel var då også best av dei norske utøvarane.

I andre omgang fekk Fannemel til eit hopp på 125,5 meter, og fall med det litt nedover på resultatlista.

Men: Honndølen enda på ein svært sterk sjuandeplass, noko som er karrierebeste for 21-åringen.

Frå før hadde Fannemel delteke i éin verdscupkonkurranse, då han enda på tiandeplass på Lillehammer,

Den norske laginnsatsen var dessutan oppløftande i rennet i Sapporo. Tre nordmenn hoppa seg inn blant dei sju beste, av desse var Anders Bardal best med andreplass.

Japanske Daiki Ito vann sin første verdscupsiger - eitt fattig tidel framfor Bardal.

Anders Fannemel
Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix