Hopp til innhold

Fann store mengder mikroplast i byen: – Svært urovekkande

Slår alarm etter den største studien på urban mikroplast i Noreg nokon gong. – Det er så å seia umogeleg å rydda opp, seier forskar.

Taran Henriksen, Norce

KOSTEMASSAR: Blant grus og skitt, snus og sneipar, har forskarar frå Norce funne store menger mikroplast. Taran Henriksen syner fram døme på kva dei finn.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

NRK korrigerer: I ein tidlegare versjon av artikkelen stod det at plasttypen polyvinylklorid (PVC) er antatt å vere den giftigaste plasttypen. I tittelen var den kalla «den aller giftigaste plasten». Dette er ikkje riktig. 17. 5.2021 kl 12 vart dette endra, og det vart lagt inn utfyllande informasjon, sjå avsnittet «Mykje PVC»,

Kor mykje mikroplast er det i norske bymiljø? Studiar fram til no har hatt for lite mengder data til å stadfeste mengdene.

Men no har forskarar ved forskingsinstituttet Norce gjort den første store kartlegginga av mikroplast i norske bymiljø

.– Vi har undersøkt ein stor del av bymiljøet. Det har vore mykje fokus på mikroplast i havet, men det er jo her i byane vi bur og brukar mykje plast. Og det er på land plasten blir produsert, seier Taran Henriksen.

Ho er ein av deltakarane i forskingsprosjektet Urban mikroplast, som er eit samarbeid mellom forskingssenteret Norce og Bergen kommune.

Mikroplast i bymiljøet, Bergen.

SMÅTT, MEN STORT: Denne mikroplasten ser kanskje liten ut, men dei minste partiklane er ikkje synlege for det blotte auge.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Slitasje frå bildekk den største kjelda

Forskarane i Norce har undersøkt det som blir samla opp av kostebilar og sandfangkummar i Bergen for mikroplast.

Dei minste bitane er ikkje synlege for det blotte auget.

Resultata så langt viser at slitasje frå bildekk er den største kjelda til mikroplast i bymiljøet. Halvparten av all mikroplasten dei fann, var dekkpartiklar.

Det er anslått at dekkpartiklar i kostemassane i Bergen kan utgjere over eitt tonn i året. Talet er høgst usikkert, men er mest truleg høgare.

Mykje PVC

Særleg eitt av funna bekymrar dei: Forskinga avdekka overraskande store funn av plasttypen polyvinylklorid (PVC).

PVC-plasten utgjorde nesten ein femtedel av all mikroplasten dei fann i dei undersøkte massane.

– PVC er ikkje i seg sjølv særleg giftig. Det blir til dømes også brukt i medisinsk utstyr.

Det forklarer professor Lars Egil Helseth ved Universitetet i Bergen. Han er også Store norske leksikon (SNL) sin fagansvarlege for polymerkjemi.

Det finst mange typar mikroplast som kan vere potensielt farleg. Det er oftast fordi det lek kjemikalier ut av den, at det oppstår kjemiske reaksjonar som endrar giftigheita til plasten, eller at det dannar seg asbestliknande mikrofibrar som set seg i lungene.

– Ein veit ikkje kva som er den farlegaste plasten, seier han.

Men i produksjonen av PVC blir det brukt vinylklorid, som er giftig og kreftframkallande. Når plasten blir delt opp i små bitar, kan det leke ut tilsetningstoff, til dømes stoff som gjer plasten mjukare.

– I tillegg er det også mogleg at høg temperatur, slik ein ofte får i brennheite gater om sommaren, eller kjemiske reaksjonar i den finfordelte mikroplasten ein finn på gatenivå, kan føre til giftige partiklar, seier Helseth.

Funn av mikroplast i luftprøvar

Luftprøvar Norce har tatt i Bergen, tyder på at vi også pustar inn mikroplast når vi rører oss i bymiljøet.

Henriksen seier dei har påvist ulike typar mikroplast i lufta, mellom anna frå bildekk og PVC.

– Det er svært urovekkande om vi pustar inn giftig mikroplast. Særleg fordi det er så å seie umogleg å rydde opp. Det blir berre brote ned til mindre og mindre delar, som gjer det stadig vanskelegare å rydde opp, seier ho.

Forskjellar frå sentrum til forstad

Funna deira viser også at det er meir plast i sentrum av byen enn i utkanten. Konsentrasjonen var enkelte stadar sju gongar høgare i sentrum.

– Folk kastar søppel på gata, det blir dratt ut av søppelkassane. Det er mykje bilar og bussar, mykje turisme. Alt dette medfører mykje mikroplast, seier Henriksen.

No er håpet at kunnskapen skal føre til målretta tiltak for å redusere mikroplast i byrommet.

Miljøbyråd i Bergen kommune, Thor Haakon Bakke meiner det har vore for lite fokus på bildekk som kjelde til mikroplast.

– Vi må få ned trafikken. Mindre biltrafikk betyr mindre mikroplast i naturen og rundt oss der vi menneske bur, pustar og oppheld oss, seier byråd for klima, miljø og byutvikling, Thor Haakon Bakke.

mikroplast funne i urban mikroplsat-undersøkinga til norce

MIKROPLAST: Forskarane fann mykje mikroplast då dei undersøkte gatene og sandkummar i Bergen. Merk storleiksforholdet oppe til venstre.

Foto: Norce