– Det er ubehageleg å vite at vi ikkje er trygge her slik vi har vore i alle år, seier Tore Eide som bur i Førde sentrum.
Han fekk ein telefon frå bror sin som hadde blitt fråteken verktøy frå garasjen, og då gjekk han for å sjekke hos seg sjølv. Det han fann, var åtte fiskestenger som var dumpa i hagen.
FANN STENGENE: Frank og Tore Eide varsla politiet då dei fann tjuvegods i hagen.
Foto: Gro Ravnestad / NRK– Eg såg tilfeldigvis dei dyre stengene som var pakka inn i klede og dumpa her, så eg kontakta politiet, seier Eide.
Politiet har no plukka opp stengene, men veit ikkje kven som er eigarane.
– Folk må sjekke om dei manglar fiskestengene sine og ta kontakt med oss om dei trur dei har mista sine, seier politibetjent Kjell Bolsø.
Forsvunne verktøy
Politiet har også dei siste dagane fått fleire meldingar frå folk som har oppdaga at verktøy er blitt borte frå garasjane sine. Dei veit ikkje om dette har samanheng med fiskestong-tjuveria, og dei veit heller ikkje sikkert kven tjuven eller tjuvane er.
– Vi er på utkikk og har bilete av ein person som vi ønsker kontakt med, seier Bolsø.
Han oppmodar folk til å halde buer og garasjar låste i tida framover.
TJUVEGODS: Politiet plukka opp stengene som var dumpa i hagen i Førde sentrum.
Foto: Gro Ravnestad / NRK