Hopp til innhold

Politiet: Tjuvar kan merke hus dei vil bryte seg inn i med myntar

Politiet går no ut og åtvarar om at tjuvar kan bruke myntar for å merke hus dei har tenkt å bryte seg inn i.

Illustrasjonsfoto

VER OBS: Politiet ber deg vere ekstra merksam om du ser ein mynt utanfor husdøra di.

Foto: Illustrasjonsfoto: Wilhelm Støylen / NRK

– Vi fekk ei melding i går frå ei som hadde funne ein mynt på trappa si. Vi veit ikkje kva dette er, men ut frå tidlegare erfaringar ber vi folk vere OBS på liknande funn, seier politibetjent i Florø, Mona Gundersen.

Laster Twitter-innhold

Etter at ei dame fortalde om myntfunnet på facebook-sida Du veit du er frå Florø når ... har det kome fleire kommentarar frå folk som har opplevd det same fleire ulike stadar i Florø. Andre stader i landet er merking av inngangsdørene ein ikkje uvanleg framgangsmåte for innbrotstjuvar.

Fleire funn

– Eg kom heim frå ein spasertur og sjekka nøye rundt døra etter brunsniglar. Der var det ingenting. Ikkje ein gong eit kronestykke. Neste morgon låg det eit kronestykke utanfor døra, fortel dama frå Florø som først melde om funnet.

Facebook-posten om myntfunnet er mykje delt og til no har fleire andre personar meldt om liknande myntfunn utanfor døra si.

– Vi veit ikkje kva dette gjeld, men det skadar ikkje å vere litt ekstra påpasseleg. Folk bør sjekke rundt dørene sine og gjerne melde frå til oss om gjer liknande funn, seier Mona Gundersen i politiet.

Fleire innbrot på Vestlandet

Den siste tida har det vore ei rekkje innbrot i hus ulike stader på Vestlandet. Berre i helga fekk politiet inn meldingar om 13 innbrot.

Politioverbetjent Svein Føllesdal i Vest politidistrikt sa til NRK denne veka at det byrjar å nærma seg ei innbrotsbølge.

– Det ser ut som dei stort sett brukar same framgangsmåte. Det er å fjerne vindauge og rote rundt når de først er inne. Det ser ut som dei hovudsakleg tek gull og smykke.