Hopp til innhold

Tam hjort funnen død - no håper Kjelsnes på ein ny hjorteven

Kvar dag kikkar Tor Otto Kjelsnes ut av stovevindauget sitt, sjølv om han veit at den tamme hjorten hans er borte for alltid.

Tor Otto Kjelsnes gir hjorten mat

SAKNAR NUMMER 33: Også førre vinter blei hjorten mata. No kjem den ikkje lenger til Tor Otto Kjelsnes.

Foto: Skjermdump frå Youtube.com

Tor Otto Kjelsnes frå Florø har i fire-fem år hatt hjortebesøk av ei kolle som han kalla «Nummer 33». Den blei både husvarm og trygg, og dukka ofte opp rundt huset og verkstaden hans.

I slutten av oktober bad Kjelsnes om at jegerane måtte spare hushjorten hans. Han håpa ho kunne få leve eit år til. Men førre fredag fekk Kjelsnes den triste meldinga om at hjorten var funnen død.

– Ho var ikkje skoten, men blei funnen litt lenger inn i Brandsøya med knust hofte og avbroten forfot.

Hjort på besøk i verkstaden

BESØK PÅ VERKSTADEN: Hjorten visste at Tor Otto Kjelsnes hadde eple, og gjekk like godt inn på verkstaden.

Foto: Åshild Kjelsnes

Er lei seg

Kjelsnes trur ho har ramla utfor ein bratt skrent fordi ho blei skremd, enten av hundar eller ein bukk som var observert idet han jaga koller.

– Det er veldig vondt og leit, for vi har hatt denne hjorten som husdyr i fleire år. Eg saknar hjorten, og går framleis til vindauget for å sjå etter den.

Kolla var så trygg på Kjelsnes at ho fleire gonger åt maten rett frå munnen hans.

– Ho kom ofte utanfor verkstaden min og slo framlabben sin asfalten slik at eg skulle sjå ut, fortel han.

Både han og kona Åshild Kjelsnes, som er fylkesordførar i Sogn og Fjordane, har hatt mykje glede av hjortebesøka dei siste åra.

Tor Otto Kjelsnes gir brød til hjorten

SÅ TAM VAR DEN: Kolla var så trygg på Tor Otto Kjelsnes at ho fleire gonger åt maten rett frå munnen hans.

Foto: Skjermdump frå Youtube.com

Håper å temje ein ny

Det er to-tre andre hjortar som ofte har gått i lag med nummer 33. No har Kjelsnes eit håp om at ein av dei kan bli det nye husdyret hans. Seinast torsdag sat han ein time og lokka.

– Den eine kolla verkar som den har lynne til å kunne bli tam.

– Kvifor ønskjer du deg ein ny tam hjort?

– Eg er mykje åleine heime, og då er det kjekt å ha nokon å prate med, ler han.