Hopp til innhold

Fann blodig mann i bil etter valdshending i Øygarden

Ein person får hjelp av helsepersonell etter å ha blitt funnen blodig men medviten i ein bil, melder Vest politidistrikt.

Politiet veit ikkje enno kva som har skjedd, men undersøker forholda som ei mogleg valdshending med kniv.

– 18.48 fekk vi melding frå ei adresse på Kolltveit i Øygarden om ei valdshending som gjekk føre seg, der det og var blitt nemnt bruk av kniv, seier operasjonsleiar Tor André Brakstad.

Då dei kom fram til staden var verken fornærma eller nokon mistenkt person til stades, fortel Brakstad vidare.

Dei har no kontroll på den dei meiner er fornærma, ein mann i 40-åra, i ei anna kommune enn der valdshendinga skjedde, seier han.

– Han blei funnen i ein bil med nokre skadar, og var blodig. Han er medviten og får hjelp av helsepersonell. Per no går vi ikkje ut ifrå at han har nokre livstrugande skadar.

– Det er snakk om nokre kutt som han blør ifrå.

Politiet er framleis til stades på det dei meiner er åstaden, og gjer avhøyr med fleire vitne. Dei trur ikkje det dreier seg om fleire som er skadde.

– Per no så har vi ikkje full oversikt over moglege mistenkte. Det blir jobba med det no.