Hopp til innhold

Sjå videoen Kenneth tok av sverdfisken

Kenneth Nyrud hadde allereie fått ein del sjøaure på kroken, men klarte òg å fange ein sverdfisk i Lærdalselva – på film.

Kenneth Nyrud fanga denne sverdfisken på film i Lærdalselvi.

SJÅ VIDEO: Kenneth Nyrud trudde ikkje sine eigne auge då han såg sverdfisken på veg opp Lærdalselvi. Laurdag morgon vart sverdfisken funnen livlaus 200 meter lenger oppe.

– Eg synte videoen til fiskekompisane mine. Dei fekk jo sjokk og lurte på om eg tulla med dei.

Kenneth Nyrud frå Kvinnherad var tidlegare i veka i Lærdal for å fiske sjøaure. Han var ferdig å fiske og skulle til å reise, men ville berre ein liten tur ned på brua for å sjå om han såg noko fisk i Lærdalselvi før han vende nasen sørover igjen.

– Så kom eg gåande over brua og såg noko i elva. Først tenkte eg at det var ein laks, så eg sprang tilbake til bilen for hente telefonen, fortel Nyrud.

Langt ifrå laks

Hobbyfiskaren tenkte han skulle filme sidan elva var så klar. Lite visste han om kva det eigentleg var som hadde forvilla seg opp i elva.

Fisken var vekke då Nyrud kom tilbake. Likevel blei han ståande, og plutseleg fekk han auge på noko som kom seglande nedover og tok fleire rundar opp og ned i elva.

– Eg blei litt forundra over kva i vide verda for slags fisk dette kunne vere og tok opp telefonen for å filme den, fortel Nyrud.

Den blåfarga kroppen med den lange nasen kunne i alle fall fortelje Nyrud at dette langt ifrå var ein laks.

– Det slo meg at det kunne vere sverdfisk, men eg var svært usikker på om det eksisterte her i dette området.

Overlevde ikkje

Tilbake heime i Kvinnherad søkte han på internett etter bilete av sverdfisk.

– Eg konkluderte vel eigentleg med at det var ein sverdfisk.

Sverdfisk

SVÆRING: Sverdfisken vart funnen livlaus i elva få dagar etter Nyrud filma den i elvemunningen.

Foto: privat

Og det var det nok. Få dagar seinare kunne nemleg Tore R. Solberg løfte den svære fisken ut av Lærdalsevi. Denne hadde ikkje overlevd i ferskvatnet.

Havforskar Otte Bjelland sa til avisa bt.no at det definitivt er ein sverdfisk som nok har vore på jakt etter mat, men forvilla seg opp i elva.

– Eg rekna nesten med den ikkje ville finne vegen ut. Eg er ikkje sikker på om folk hadde trudd meg hadde det ikkje vore for at eg filma, seier Nyrud.

Han tykkjer det var ei artig oppleving å ha sett ein sverdfisk

– Det vert nesten litt komedie i det heile. Eg reiser til Lærdal for å fiske sjøaure og rekna i grunn ikkje med å sjå ein slik ein, fortel Nyrud som legg til at dei fekk ein del sjøaure.