Hopp til innhold

Føling truleg årsak til dødsulukke

36-åringen som var årsak til dødsulukka i Amlatunellen, hadde mest truleg eit illebefinnande då han kom køyrande i motgåande køyrefelt.

Dødsulykke i Amlatunnelen

KVINNE OMKOM: Ein varebil og ein personbil kolliderte front mot front i Amlatunnelen.

Foto: Sondre Evenstad Dalaker

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Familien seier til Sogn Avis at mannen har diabetes og at han mest truleg hadde eit anfall av det som vert kalla føling. Det vil seie at blodsukkeret blir altfor lågt. Dette kan føre til ulike reaksjonsmønster og at den sjuke mistar kontroll over eigne handlingar.

Er sterkt prega

Familien vil avsanne rykte og seier at det ikkje var ei medviten handling eller rus som var årsaka til dødsulukka.

36-åringen ligg på Haukeland sjukehus med store brotskader og er sterkt prega av hendinga der ei 52 år gamal kvinne omkom.

Trur ikkje det var ekstrem fart

Politiet stadfestar langt på veg at det ikkje var ei medviten handling eller snakk om rus eller høg fart.

– Det er på det reine at han kom i feil køyrebane og har passert fleire bilar, med det er ikkje noko som tyder på at det har vore ekstrem fart. Det er likevel for tidleg å konkludere, seier lensmann Jan Tore Thue til avisa.