Hopp til innhold

Falsk Tone-profil skapte rykteflaum

Falsk profil på Facebook skapte rykteflaum om brot mellom Tone Damli Aaberge og Aksel Hennie.

Aksel Hennie og Tone Damli Aaberge før utdelingen av Amandaprisen 2009 i Haugesund fredag kveld

Falske profilar på Facebook skapte rykteflaum om Aksel Hennie og Tone Damli Aaberge.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

I helga meldte ein av dei mange falske Tone Damli Aaberge-profilane at det var slutt mellom ho og skodespelarkjærasten Aksel Hennie, skriv dagbladet.no.

Også ein av dei falske Aksel Hennie-profilane skal ha endra status til «singel» i helga, skriv nettstaden.

Dementerte på bloggen

Sogndalsjenta dementerte brotet på bloggen sin i går, og ho oppfordra samtlege fans om å boikotte dei falske profilane.

Tones manager, David Eriksen, fekk ein hektisk jobb med å avkrefte brotet i går. Han skal ha fått nærare 50 telefonar.

– Det var veldig mange telefonar. Særleg frå journalistar, men også frå bekjente og samarbeidspartnarar. Det vart ein livlig søndag, for å sei det slik, seier Eriksen til Dagbladet.

Falske Tone-profilar

Det er fleire falske Tone-profilar på Facebook.

Foto: Faksimile

«Vi e kjæresta som aldri før»

«Ein eller annan tulling som utgir seg for å vere meg på Facebook har forandra sivilstatus til singel og skrive negative meldingar på «what's on your mind»-linja. Så ikkje skriv til desse profilane, det er ikkje meg,» skriv Tone på bloggen sin.

Ho skriv også:

«Vi e kjæresta som aldri før.»

David Eriksen seier at han vil sjå kva som kan gjerast for å rydde opp.

– Eg er redd dette er noko vi må leve med. Men ei falsk profil kan lage veldig mykje oppstyr. Eit lite klikk kan starte ein tsunami, seier han til nettstaden.