Hopp til innhold

Tone lagar musikk med A1-Ben

Sogndalsjenta Tone Damli Aaberge lagar musikk med medlem frå den engelske boybandgruppa.

Tone Damli Aaberge

Tone Damli Aaberge skriv nye songar med A1-medlem Ben Adams. Her frå fjorårets finale i Grand Prix der ho kom på andreplass.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Ben Adams i A1

Ben Adams har vore saman med Tone Damli Aaberge i studio for å skrive songar.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK
Tone Damli Aaberge i kvit kjole under finalen i Melodi Grand Prix

Sogndalsjenta heija på A1 under finalen i Grans Prix i år. Dei kom på andreplass slik ho sjølv gjorde i fjor.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX
A1

Gruppa A1 var ei svært populær boybandgruppe. Dei har hatt fleire hits på dei engelske hitlistene.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Tone skal ha skrive fleire låtar med boybandmedlemmet Ben Adams frå gruppa A1.

Heija på dei i Grand Prix

På bloggen sin skriv ho at ho var stor fan av gruppa A1 då ho var mindre, og at det var dei ho håpa skulle vinne den norske finalen i Grand Prix.

Gruppa hadde fleire store hits i England då dei var på topp.

Leitar etter lydbilete

Tone sin manager David Eriksen var med å skrive A1 sitt Grand Prix-bidrag «Don't wanna loose you again». Og han meiner det var heilt naturleg å hente inn Adams i studio for å arbeide med Tone si nye plate.

- Vi er inne i ein prosess akkurat no som handlar om å finne det riktige lydbilete til den nye plata til Tone, seier Eriksen til dagbladet.no .