Hopp til innhold

- Det er godt å vere forelska!

Ei forelska Tone showa for speidarane på leir på Åndalsnes.

Tone song for speidarane
Foto: Carl-Fredric Salicath

Tone Damli Aaberge var den store overraskinga for speirdarane på leiren.

- Alle som er forelska, rop ut!

Og Tone hausta stor applaus frå dei mange som møtte opp for å høyre ho. Ho kom ut på scena med eit speidarskjerf om halsen, og elleville speidarar gav klar beskjed om kva dei meinte om det. Vill jubel møtte sogndalsjenta.

- Dette var herleg! Speidarane er eit perfekt publikum for min type musikk, seier Tone.

Ho hadde fått med seg at mange av dei som reiser på slike leiarar vert forelska i løpet av leirtida. Og dermed oppmoda ho alle som var forelska til å rope det ut.

Herleg forelska

- Det er herleg å vere forelska, seier Tone sjølv.

Aksel Hennie

Aksel Hennie er Tone Damli Aaberge sin nye kjærast skal vi tru fleire norske aviser.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

I fleire norske media har det vore spekulert i om Tone og den kjende norske skodespelaren Axel Hennie er kjærestar. I det siste har dei to vist seg offentleg saman fleire gonger. Og på leiren på Åndalsnes var i alle fall Tone i toppform.

Nøgd

7 500 speidarar har delteke på Norges speiderforbunds landsleir på Åndalsnes denne veka.

Sogndalsjenta avslutta showet i Åndalsnes med songen "Butterflies" som ho deltok med i Grand prix finalen tidlegare i år.

Då reiste alle speidarane seg og vifta med speidarskjerfa sine.

- Eg vart heilt riven med då eg såg alle skjerfa, smiler Tone.